Utsetting av pinnsvin

Pinnsvinhjelpen driv utsetting av pinnsvin i Surnadal. Naturvernforbundet spør Fylkesmannen i Møre og Romsdal om det er synspunkt på denne verksemda.

Svaret frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal 17. august 2015:

Hei,

Eg viser til epost den 6.8.2015 med lenke til nyheitssak i Tidens Krav om piggsvinungar som får hjelp til å overleve og etter kvart klare seg sjølv i naturen.

Hald av vilt i fangenskap blir regulert i eiga forskrift i tillegg til dyrevelferdslova. I Forskrift om hold av vilt i fangenskap § 2-2 er det lov å fange inn levande vilt som er sjukt eller skadd for rehabilitering utan særskilt løyve. Det er ein føresetnad at viltet kan førast attende til sitt naturlege miljø og at dyrehaldet skjer i samråd med veterinær. Etter dyrevelferdslova § 4 skal ein kvar som finn eit dyr i hjelpelaus tilstand eller eit dyr som er tydeleg er sjukt eller skada, så langt det er råd hjelpe dyret.

Fylkesmannen kjenner ikkje konkret til Pinnsvinhjelpen sin aktivitet, men slik eg oppfattar saka, så er dette ein organisasjon som gir hjelp til skadde eller hjelpelause piggsvin, slik at desse skal kunne overleve og greie seg sjølv i naturen. Korleis Pinnsvinhjelpen er organisert i høve veterinær og kommunal viltforvaltning kan kanskje Mattilsynet svare på.

Dei piggsvina vi finn på nordvestlandet og i Trøndelag, er eit resultat av utsetting for ca 100 år sidan. I den aktuelle saka, blir piggsvin flytta frå Trøndelag til indre Nordmøre, eit område der bestanden no er heilt eller nesten vekke.  Kva effekt reetablering av piggsvin i område som har vore utan piggsvin ei tid vil ha å seie for økosystemet, kan ein berre spekulere i, men effektane er truleg små. Med endringane i jordbruket siste femti-seksti åra til større, samanhengande produksjonsareal, er vikåra for vekst av piggsvinbestanden ikkje dei beste. Det er klart at piggsvin kan ta fugleegg frå bakkehekkande småfugl, men piggsvinet vil nok på ingen måte kunne konkurrere med huskatten. Utsetting av piggsvin på øyer, er derimot svært problematisk, men ikkje tilfelle i denne saka.

Venleg helsing                                                                                                                                                          

Astrid Buset

Seniorrådgivar | viltforvaltar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal