Snaufjellet blir til skog

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Europalerk.

Artar som har formeira seg på norsk jord før 1800 blir ikkje rekna som svartelisteartar, sjølv om dei er innførte. Skvallerkål er mellom dei som har vore hos oss så lenge at dei ikkje hamnar på svartelista, sjølv om dei kunne ha fortent det.

Europalerk Larix decidua blei planta på Gyl kring 1780, men første kjente spreiing frå desse skjedde mykje seinare. Frøa som var opphav til dei første trea som blei til Sandvikalléen blei fødde ein stad der daglengde og temperatur var annleis enn på Nordmøre, i Skottland eller i Mellom-Europa. Dei første trea trengte truleg ein særleg god haust, og ein lang og varm sommar året etter, for å få til dei første frøa på norsk jord. Det tok nok si tid. Men dei nye frøa var prega av vår daglengde og temperaturtilhøva på staden. Neste generasjon trengte ikkje så lang tid. Etter nokre generasjonar blir det no frø nesten kvart år. Eit treslag som ikkje sette frø dei første 150 åra har gått over til å få  millionar av frø i året. Typisk for innførte utanlandske tre, dei verkar ufarlege lenge, og så tar det laus.

Europalerk spirer der det kjem mykje lys ned til bakken, og gjerne på ope jord eller i alle fall ikkje i tjukke lag med blåbærlyng og gras. Dermed har ein trudd at treet spreier seg lite, men konklusjonen er nok feil. Viss det står ei europalerk i eit granholt som blir hogd, så har denne lerka spreidd sine frø, der det har raga nokre meter over granene rundt. Når granskogen er hogd, då kjem det lys til bakken, og vegetasjonen er såpass rota med at frøa spirer. I den nye skogen vil det kome opp mange nye europalerker.

Frøa er lette og fyk til fjells. Der er det lys nok, og bar jord. Om trea ikkje er meir enn eit par meter høge, så kjem det like fullt konglar. For nokre år sidan rekna nokon ut at snaufjellet i midtre del av Tingvoll vil vere lerkeskog i 2050. På sørsida av Vulvikvatnet ser ein at det ganske sikkert er sant. Både landskap og natur vil då endre seg mykje, ein viktig grunn til at treet er svartelista.

Larix er eit svært gamalt namn, opphavet ligg i det dunkle. Decidua tyder «som fell av» og sikter til at nålene fell av kvar haust.

Europalerka på Nordmøre har ein spreiingsårsak til. Det var nok litt status med tre som blei planta i Sandvikalléen, så andre ordna seg nok med småtre så snart dei blei tilgjengelege. Dermed står det tuntre av europalerk mange stader i vårt distrikt. Nokre stader har desse spreidd seg mykje, andre stader ser det ikkje ut som treet spreier seg, men ein skal ikkje vere for trygg. Viss ein har blitt litt lei av europalerka i tunet, så er det kanskje tida for å hogge det no? Det er enklaste måten ein kan bli kvitt europalerk på.

Risikovurdering

Europalerk har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden, og på svartelista.