Loennechenbua

Epost til Dovrefjellrådet.

Eg har registrert i Aura Avis 14.10.09 at KNT går med ei ny hytte i magen og vil føde han ved sidan av Loennechenbua. Om eg ikkje tar feil ligg dette i Sunndal kommune. Eg ser for meg at dette er eit spesielt hytteprosjekt, der ferdsel og villrein er eit stort tema og vidare at det kanskje skal vere nokre stader i fjellet der ein kan ha noko som ikkje er meir tilrettelagd enn i form av ei naudbu. Dette kan vere eit av dei tilretteleggingsprosjekta til DNT med lokalforeiningar som Naturvernforbundet har eit heilt anna synspunkt på.

Kva slag sakshandsaming er i vente i denne saka, og får Naturvernforbundet i Møre og Romsdal denne saka (Naturvernforbundet i Sunndal er ikkje aktive)?

Med helsing

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Brev frå Dovrefjellrådet til Kristiansund og Nordmøre Turistforening

Brev frå Dovrefjellrådet til Direktoratet for naturforvaltning

Søknad frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening til Dovrefjellrådet

Omtale av dugnadsarbeid

Bilde