Naturvernforbundet spør om forureining frå ferger og hurtigbåtar

Naturvernforbundet har spurt Fjord 1 MRF og Tide om konkrete utslepp frå ferger og hurtigbåtar i Møre og Romsdal. Sidan reiarlaga brukte lang tid på å svare, har Naturvernforbundet klaga manglande utlevering av miljøopplysningar inn for Klagenemnda for miljøinformasjon.

Samferdselssektoren har store utfordringar når det gjeld klimagassutslepp som gir global oppvarming. Sjøgåande transport har også store utslepp av nitrogenoksidar (NOx) som gir lokale og regionale miljøskader.

Dei siste åra har Naturvernforbundet i Møre og Romsdal engasjert seg for å få Møre og Romsdal fylke og Statens vegvesen til å stille strengare miljøkrav i dei konkurransane dei gjennomfører for kjøp av ferge- og hurtigbåttenester. Dersom styresmaktene nyttar høvet i desse konkurransane til å stille gode og strenge miljøkrav, vil dette kunne bidra både til reduserte forureiningar og til innovasjon i marin sektor.

Det er no gjennomført fleire konkurransar i Møre og Romsdal, men Naturvernforbundet ønskjer å vere betre førebudd til framtidige innspell, både her og i andre fylke.

Naturvernforbundet vil difor nytte høvet til å skaffe seg dokumentasjon på kor store forureiningar fergene og hurtigbåtane i Møre og Romsdal står for. Naturvernforbundet sende difor 24. januar 2008 nokre konkrete spørsmål i fire punkt til Tide ASA og Fjord 1 MRF AS, dei to reiarlaga som har avtalar med Fylket og Statens vegvesen om drift av ferger og hurtigbåtar i Møre og Romsdal:

1) Kor store CO2-utslepp har dei ulike fergene og hurtigbåtane de har i rute i Møre og Romsdal? Vi lurer då på kor store utsleppa er per år, per tur, per passasjer osb.

2) Kor store er dei tilsvarande NOx-utsleppa?

3) Kva vurderingar har de gjort når det gjeld overgangen til mindre miljøskadelege drivstoff på fergene og hurtigbåtane? Kan de t.d. nytte biogass, bioolje eller biodiesel? Dersom de kan det, kvifor gjør de det ikkje – dersom de ikkje kan nytte det – kvifor ikkje? Kva krav stiller de til svovelinnhaldet i konvensjonell marin gassolje?

4) Kva krav stiller de til innhaldet av miljøskadelege stoff og materialar i fergene? Er det krav til ”Clean Design” ved bygging av nye ferger eller hurtigbåtar? Er det gjort kartleggingar av farlege stoffar i dei fergene eller hurtigbåtane som allereie er i drift? Blir det nytta tropisk trevirke i farty?

Naturvernforbundet er av den oppfatninga at dette er spørsmål som er omfatta av virkeområdet til miljøinformasjonslova, og som reiarlaga difor har plikt til å svare på. I brevet gjorde vi reiarlaga merksame på dette. Naturvernforbundet tok også opp at dersom reiarlaga ikkje ønskjer å gi Naturvernforbundet innsyn i miljøkonsekvensane av verksemda si, så har Naturvernforbundet høve til å prøve eit slikt avslag i Klagenemnda for miljøinformasjon.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Spørsmål frå Naturvernforbundet til Fjord 1 MRF og Tide

Klage frå Naturvernforbundet til Klagenemnda for miljøinformasjon

Svar frå Fjord 1 MRF

Erklæring om konfidensialitet 23. april 2008

Svar frå Tide Sjø AS