Gratulerer med Reinheimen!

Naturvernforbundet gler seg over Reinheimen nasjonalpark som no blir offisielt opna. Vedtaket om å opprette parken blei gjort av Kongen i statsråd i november i fjor. Med ein storleik på 2600 kvadratkilometer er Reinheimen den tredje største nasjonalparken i Noreg. Dette er godt nytt både for villrein og for naturvenner.

Gjennom tusenvis av år har villreinen halde liv i oss nordmenn. I nokre få tiår har vi nordmenn nesten klart å gjere det av med den siste villreinen. Hyttebygging, vegar og kraftliner i fjellnære område har vore godar for mange, men tar stadig nye bitar av villreinen sine leveområde. Klimaendringar gjer ikkje saka betre. Ein dyreart som er særs avhengig av uforstyrra område treng eit godt vern. Reinheimen er eit godt tiltak i så måte. Naturvernforbundet håpar det ikkje blir det einaste i tida som kjem.

Anten vi ser på reinen med den første nordmannen sine auge, eller er tilskodarar til Peer Gynt sitt bukkeritt, så er det noko spesielt med reinen. Turistane blir blanke i auga av å sjå reindeer.

Reinen er ikkje berre historie, men også framtid. Støre kunnskap om reinen sitt levevis og nordmannen si historie vil kunne gi eit godt grunnlag for gode opplevingar innan reiseliv berre det skjer på villreinen sine føresetnader. Såleis vil ein sunn villreinstamme kunne gi levebrød også for nordmenn i dag og i framtida.

Gratulerer alle naturvenner med Reinheimen nasjonalpark!

Les tidlegare, relatert sak:
Glede over at Reinheimen er vernet som Norges tredje største nasjonalpark

Sjå også:
Pressemelding frå Miljøverndepartementet om opprettinga av Reinheimen nasjonalpark

Informasjonsark frå Direktoratet for naturforvaltning (pdf)
Kongeleg resolusjon – vern av Reinheimen (pdf)
Kart (pdf – 320 kb)
Forskrift om Reinheimen nasjonalpark

La naturen gå i arv! Bli medlem i Norges Naturvernforbund!