Naturvernforbundet takkar Sør-Tustna skule for støtte i gaupesak

Sjuande klasse ved Sør-Tustna skole har sendt brev til Kong Harald og Rovviltnemnda om at gaupa treng hjelp. Naturvernforbundet sender ein takk til klassen.

I brevet til klassa skriv fylkesleiar Øystein Folden mellom anna at brevet er den hendinga som gler oss i Naturvernforbundet mest når det gjeld rovdyr no for tida.

Gaupa finst nok i heile Møre og Romsdal, men det er tale om ganske få dyr. Det er sjeldan spor å sjå. Når nokon har sett gaupe, blir det store oppslag i avisa. Når dyreeigarane leverer sin tapsstatistikk, kan det gå fleire år mellom kvar gong det er tap som ein trur gaupa har med å gjere. Dei åra det blir påvist tap, så er det oftast svært få dyr som er tapt. For dei som eigde desse tapte dyra er sjølvsagt skaden stor, men i det store og heile plagar gaupa oss lite.

Gaupa finst fordi ho har ein plass i naturen vår. Blir ho borte, så er det noko i naturen som ikkje fungerer heilt som det skal. Desse økologiske samanhengane veit vi noko om, men det er sikkert mykje vi ikkje veit heilt sikkert.

Dei seinare åra har vi merka mykje meir til ein liten skapning som heitter flått. Den plager oss menneske og den kan også ta liv av mellom anna sau. Tapa av sauen som følgje av flått er no på ein del prosent enkelte stader. Flåtten treng hjelp av dyr for å spreie seg, og særleg rådyra spreiar nok flåtten mange stader.

Etter at hjortestammen blei stor, og hjortejakta blei utvida, er det mange jegarar som ikkje tar bryet med å jakte rådyr. Rådyra aukar i tal, og ein av dei vanlegaste overskriftene i avisa er «Rådyr påkjørt». Rådyret er elles ein dyreart som vi i Noreg i nyare tid fekk inn frå Sverige tidleg på 1900-talet. På hundre år har dei spreidd seg over heile Sør-Noreg. Dei som driv jakt har passa på å skyte bestemte dyr, slik at rådyra skulle auke i tal. Det har dei lukkast godt med.

Naturvernforbundet meiner rådyrtalet, og hjortetalet også, no er høgare enn det som er bra for naturen. Vi ser det mellom anna på at treslaget alm no held på å døy ut som følgje av gnag på borken i snøvintrar som no. Sidan jegarane ikkje jaktar så mykje på rådyra, treng vi gaupa til å hjelpe oss. Naturvernforbundet meiner at samla tap av sau for flått og gaupe vil gå ned viss vi slutter å jakte gaupe i Møre og Romsdal. Tapa for gaupe vil gå litt opp, men tapstala for flått kan gå betydeleg ned.

Naturvernforbundet klaga på vedtaket som Rovviltnemnda gjorde. Vi meiner det er feil å ha fri jakt i dei delane av Møre og Romsdal der det ikkje er fastsett ønskje om yngling, og vi meiner det heller ikkje skal vere løyve til kvotejakt i det eine ynglingsområdet vi har. Viss det skal vere meining i å redusere gaupetalet i Nord-Trøndelag utan at samla tal gaupe skal gå ned i området, må talet på gaupe gå opp i Møre og Romsdal.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet til sjuande klasse ved Sør-Tustna skole