Uheldig med fleire hytter ved Måsvatnet

Naturvernforbundet har gitt fråsegn til planane om eit hytteområde ved Måsvatnet i Måndalen i Rauma.

Naturvernforbundet

I fråsegna peikar Naturvernforbundet i Rauma på at forlenging av veg frå Skarsetra og innover mot Måsvatnet vil føre trafikken over kanten og inn i eit stille område i fjellheimen. I ein kommune som Rauma der store delar av fjella er tilgjengeleg først etter tur i stige, er dette eit særleg verdifullt friluftsområde som er lett tilgjengeleg utan meir veg.   Naturvernforbundet meiner difor det vil vere uheldig med fleire hytter ved Måsvatnet, og særleg uheldig om det blir bygd veg. Eventuelle behov for fleire hytter må difor løysast langs den vegen som alt er bygd.