Jervjakt i Trollheimen

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Nokre politikarar krev meir jervjakt i Trollheimen.  I den samanhengen kjem det fram litt av kvart som krev ei nærare forklaring.

Det blir gjort eit stort poeng av at kvoten i lisensjakta var på sju jerv utanfor yngleområde i Møre og Romsdal og at berre to dyr blei felt. Dermed må SNO ut på jakt for å felle resten for å oppfylle rovdyrforliket.

Eit av spørsmåla ein då må stille seg er om det finst så mange som fem jerv igjen i Trollheimen. Så langt Naturvernforbundet kjenner til, avhenger jervtalet av kor mange jervar som blir fødde, kor mange som døyr, kor mange som flytter inn og ut. Det er berre talet på daude jerv som vi har så noko lunde gode tal på. Det talet har vore ganske høgt i området dei siste åra. Innflyttande jerv andre stader frå ser ein lite teikn til når det gjeld DNAsporing. Følgjeleg er det sannsynleg at bestanden i Trollheimen er på veg ned.

Jegerane i området har tidlegare vist at dei er i stand til å felle jerv. Det er vel liten grunn til å tru at dei har gløymd kunnskapane det siste året.

Kan det vere ein så enkel årsak til manglande jaktresultat at det minkar på med jerv i Trollheimen? Det er i alle fall ikkje rovviltnemnda som gjer vedtak om kor mange jerv som finst i Trollheimen. Og rovviltnemnda har i fleire samanhengar sagt at det utanfor yngleområde ikkje skal vere kvota som er til hinder for at bestanden reduserast. Kvota blir i utgangspunktet sett høgt nok til at ein kan få til ei utrydding. Sjølv SNO kan bli i beit med å felle fem jerv der det kanskje ikkje finst så mange.

Ein gjennomgang av DNAfunn i Trollheimen i 2012 syner at det er gjort funn frå åtte forskjellige dyr. Fem av dei er seinare daude, og det blei felt eit dyr i februar i år som kan vere eit av dei tre som er igjen av dei åtte.  Det er ikkje noko i dette materialet som tyder på at det er mange jerv i Trollheimen for tida.

Ein del av rovviltforliket går ut på at det også skal vere yngling av jerv nokre stader. Ved gjennomgang av yngletala i Møre og Romsdal sidan 2004 er det berre i 2008 og i 2010 at ein har nådd ynglemålet utan å ta med tala frå Trollheimen. Spørsmålet er om det lar seg gjere å nå tre ynglingar i Møre og Romsdal utan at det er ein og annan jerv i Trollheimen. Sør-Trøndelag slit litt dei også. Det er elles felt ganske mange jerv i Nord-Trøndelag i siste jakta. Dei har meir enn berga regionen så ynglemålet er nådd dei seinare åra, men det er det slett ikkje så sikkert dei gjer i åra som kjem. Det er også ein del av rovviltforliket at det er 10 jervynglingar i Midt-Noreg.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal