Jublar for vassdragssiger

Naturvernforbundet har fått Olje- og energidepartementet med på at ulempene ved rasering av urørt natur vil vere større enn fordelene av kraftproduksjonen og inntektene til nokre grunneigarar i Kvanndalen i Rauma. – Saka er viktig for vårt fylke, seier fylkesleiar Øystein Folden. – Det går ei grense for kva prosjekt som skal få løyve til utbygging, og her har vi sett litt av denne grensa.

Kvanndalen er urørt og er likevel tilgjengelg for dei fleste til fots eller på hesteryggen. Eit kraftverk med veg ville øydelegge denne opplevinga. Sjølv om sjølve utbygginga var trekt ut av landskapsvernområdet, ville ei utbygging råka innfallsporten til landskapsvernområdet. – Naturvernforbundet har i mange år etterlyst betre vern av randsonene til verneområda. Det er bra at Olje- og energidepartementet ser denne utfordringa, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Hovudgrunnen til at Naturvernforbundet klaga i denne saken var likevel dei naturinngrepa utbygginga vil føre til. Utbygginga vil gi reduksjonar i inngrepsfrie område og skade elva. – Dette har Olje- og energidepartementet gitt Naturvernforbundet rett i, etter at NVE i si behandling har bagatellisert tilhøva til inngrepsfrie område, seier Folden.

Folden har engasjert seg mykje i denne prinsipielt viktige saka. I februar 2006 var han og Gunn Morstøl, leiaren i Naturvernforbundet i Rauma, i møte med Olje- og energidepartementet.

Kontaktpersonar frå Naturvernforbundet er: Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, telefon 91 81 25 42 Gunn Morstøl, leiar i Naturvernforbundet i Rauma, telefon 93 26 43 41

Avgjerda frå Olje- og energidepartementet