Høgsetleira – Naturvernforbundet spør om opprydding etter ras

Brev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Det har gått eit ras inn i Høgsetleira naturreservat. Dette er ei strandeng, og nokre av massane som har rasa ut innehalder svartlista plantar som kan utkonkurrere dei plantene som er der frå før.

Naturvernforbundet spør om Fylkesmannen som ansvarleg for verneområdet vil ta initiativ for å rydde i området.