Sjøområdeplan for Nordmøre – det står att ein jobb for å kvalitetssikre kunnskapsgrunnlaget

11 kommuner på Nordmøre er engasjert i en felles plan for arealbruk i sjø. Naturvernforbundet har gitt innspel til planen.

Kven tar ein jobb så «folk flest» veit kva som snart er vedtatt, før det er for seint å meine noko om det?

Naturvernforbundet er i utgangspunktet opptatt av slike saker som dette. Men her er prosjektet så stort at vi har ein grei konklusjon: Vi set vår lit til kommunane og oppdrettsindustrien om at dei veit kva dei gjer og at dei ikkje misbruker si makt i form av store ressursar til å arbeide med denne saka.

Har vi grunn til å setje vår lit til at dette går bra? Dei store ressursane har oppdrettsindustrien tent på ein slik måte at fjordane våre ikkje akkurat er i nokon god tilstand mange stader, så svaret er nei. Men vi har vel i praksis ikkje noko val. Kommunane har elles vel så ofte stått på oppdrettarane si side som miljøet si side gjennom åra, så tilliten til kommunane er vel heller ikkje heilt fullkome i denne saka.

Så vi seier frå med ein gong, folk kan ikkje rekne med at Naturvernforbundet går gjennom dette og spelar inn til kommunane det som er for dårleg. Vi seier oss lei for det, men vi maktar det ikkje.

Helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden