Naturvernforbundet med fleire forslag til forbetringar i forvaltningsplanen for Røabukta

Røabukta naturreservat blei oppretta i 1988. No har Fylkesmannen i Møre og Romsdal utarbeidd eit forslag til forvaltningsplan for dette viktige hekke- , beite- og overvintringsområdet for våtmarksfugl på Gossen. Naturvernforbundet ser at forvaltningsplanen er eit førsteutkast, og har fleire forslag til endringar som bør kunne gi ein betre plan.

Naturvernforbundet ber særleg om å få gjennomslag for to viktige krav.

Det første kravet er at naturvernstyresmaktene tar grep slik at ein utviklar reiskapar for å kunne følgje med på korleis verneverdiane utviklar seg i eit verneområde, og at det ligg føre dokumentasjon på utviklinga. Dessutan må slik dokumentasjon brukast ved evaluering og revisjon av forvaltningsplan i framtida. Gjennomgangen som er gjort i samband med at Fylkesmannen har utarbeidd eit forslag til forvaltningsplan, viser at kunnskapen om utviklinga i verneområde etter vern er alt for låg.

Det andre kravet frå Naturvernforbundet er at ein ikkje berre går gjennom skjøtselsbehov, men også ser på korleis ein kan bygge skjøtselskompetanse over tid. Forvaltningsmynde har truleg mykje å vinne på å tenke gjennom ein slik strategi.

Elles peiker Naturvernforbundet på at Fylkesmannen bør skjerpe seg når det gjeld å tenkje meir heilskapleg om natur- og miljøvern. Til tross for mykje kritikk i andre saker fylket, så legg Fylkesmannen opp til å sprøyte med gift i naturreservat i Aukra kommune. Naturvernforbundet strekar også under at det er viktig å sikre nok ressurser til skjøtsel over tid; dersom det blir eit års pause i løyvingane, og dermed i fjerninga av t.d. rynkerose, så kan fort heile skjøtselinnsatsen vere vekkasta.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet til forslag til forvaltningsplan for Røabukta naturreservat