Naturvernforbundet med kommentarar til småbåthamn på Finnøya

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt fråsegn om viktige naturverdiar i samband med planane om ei småbåthamn på Finnøya i Sandøy kommune.

Nokre omsyn Naturvernforbundet meiner er viktige i dette området:

– Ein del av det sørlege området vist i reguleringsområdet er ein del av ein naturtypelokalitet. Dette gjeld naturtypen naturbeitemark, og verdien er sett til høgste verdi, svært viktig. Naturtypen vil få redusert verdi eller bli øydelagt ved utbygging, direkte eller som ein følgje av at t.d. beite blir vanskeleggjort.

– Området er eit attraktivt område i dag for friluftsliv. Området er ganske greitt tilgjengeleg og sandområdet gir mange moglegheiter. Sjølv om fjøresonen på Finnøya elles ikkje er direkte nedbygd, er det ein god del av fjøresonen som ikkje er lett tilgjengeleg som følgje av at ein må passere dyrka mark, gardsvegar og tun mellom hovudvegen og fjøra.

– Vi reknar med at delar av reguleringsområdet er såpass i bruk av barn og unge at rikspolitiske retningsliner som gjeld barn og unge sin bruk av areal kan vere oppfylt. Det vil gi spesielle føringar på kva området kan nyttast til i framtida.

– Såpass store område som fell tørt ved fjøre sjø må undersøkjast biologisk. Mange slike område er anten mudra ut eller nedfylt. Dei som er igjen kan difor innehalde biologiske verdiar som er truga.