Naturen som trekkplaster

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Leiar Britt Flo i Molde Næringsforum meiner vi i Møre og Romsdal må lokke betre med vår natur når nye skal tilsetjast. Spørsmålet er om naturen hos oss er slik at han gir fortrinn framfor andre stader? Det er i alle fall ikkje nokon automatikk i at det er slik.

For ei tid sida såg fylkeskommunen litt fram i tida i form av «Riss 2013». Der var det store vyar for fylket og framtida. Sa dei noko om naturkvalitetar anna enn kva ein kan få ut av naturen i form av olje og gass? Det var faktisk ein artikkel som omtala natur i dette magasinet. Det heitte  «Mer enn flott natur». Så var i alle fall «natur» nemnt. Men akk! Det sto rett nok om noko som likna på biologi, men ved nærare ettersyn så var det bioligpriser det var tale om, og merksemda var alle andre stader enn på naturen. Når ein ser bileta, så legg ein merke til at haustlauv kan vere pent, men det er det urbane som er hovudsaka i bileta. Det kan godt vere at fylkeskommunen er opptatt av naturen, men det er mykje oftare spørsmål om kva naturen kan gi oss i form av kroner.

Kva er det så av naturkvalitetar som er verdifulle? For nokre er det å kunne sitje inne på eit hotellrom og sjå panoramaet sør for Moldefjorden. For andre er det å kunne ta seg fram til fots i dette panoramaet. Nokre har med seg ein eller annan i-p.. på øyret medan dei går, andre nyt at dei endeleg har funne ein plass der det berre er naturlege lydar, det vi kan kalle stille. For nokre er den største lukka å gå i kø på ein sti, andre kryssar stien på tvers og ser gjerne at dei får vere i lag med naturen aleine.

Men kan vi velje fritt kva naturopplevingar vi ønskjer oss? Vi skal bu og vi skal køyre og vi skal leve av noko. Verksemder, kommunar og fylket gjer stadig ein stor innsats for å få til det dei kallar for utvikling. Som oftast betyr det gravemaskinar, asfalt, betong og bilar endå fleire stader enn før. Dette veit Naturvernforbundet noko om. Det er ikkje sjølvsagt at det er natur igjen. Naturen ryk unna bit for bit. Det blir færre stader der elva renn fritt og vilt, det blir færre stader der skogen får bli gamal og lov til å ramle ned i fred, det blir kortare strand mellom verandaer og badestampar og det blir færre stader der det er stilt. Utan Naturvernforbundet ville det ha vore endå mindre igjen. Tar ein ikkje grep no, så vil det faktisk minke ytterlegare med attraktiv natur som lokkemiddel og ikkje minst til bruk når nokon let seg lokke.

Det vil gle oss i Naturvernforbundet stort om Molde Næringsforum og medlemmene deira, og elles alle andre vil ha naturen meir i tankane når noko skal gjerast. Det bør bli til glede for folk flest, og det kan bety veldig mykje for naturen sjølv. 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal