Energieffektivisering
Det finst ikkje ei enkelt løysing på dei globale klimautfordringane eller regionale kraftforsyningsutfordringane i Midt-Noreg. Det som liknar mest på ei løysing er likevel energieffektivisering.
![Solfanger på tak](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2022/09/solfanger-2.jpg-fullscreen.jpg)
Det å nytte energi meir effektivt, og dermed spare energi, er det viktigaste grepet verda kan ta for å løyse klimautfordringane. Ein negawatt, altså den watten som blir spart, er den mest miljøvennlege energien. Det blir mindre viktig å byggje ut ny energiproduksjon, og det blir ikkje nødvendig å byggje overføringslinjer. Det einaste problemet ser ut til å vere at energieffektivisering er usynleg, for det er vel difor staten gir mykje høgare støtte til å byggje ut ny kraft enn til å spare den same kraftmengda?