E39 – ganske mange alternativ kan leggast bort med ein gong

Planprogrammet for E39 frå Brusdalen til Vestnes grense er på høyring. Å legge vegen gjennom Solnørdalen kan ein gløyme fortast mogleg.

Mesteparten av prosjektet med ny E39 er meiningslaust. Dei neste åra skal vi transportere oss mindre og med lågare utslepp. Då treng vi ikkje motorvegar der ein kan køyre meir og fortare slik at utsleppa aukar.

Strekninga frå Digernes til litt nord for Sjøholt kan vere unnataket. Her bør det vere mogleg med forbetringar i framkome og redusert støy for mykje busetnad, utan at det blir trafikkauke som resultat. Løysingar som er lagt til Solnørdalen kan ein gløyme med ein gong. Der er det verneverdiane som har forkøyrsrett.

Naturvernforbundet har nyleg sendt innspel til planprosessen, sjå under.