NEAS må levere ut opplysningar om sprøyting
Etter å ha gått langs røyrgata på Skar, der det var bruka sprøytemiddel for å fjerne vegetasjon, spurde Naturvernforbundet i Tingvoll om å få sjå sprøytejournalen og vurderingane knytt til behovet for sprøyting.
NEAS tok nok ikkje spørsmålet heilt på alvor. Det kom i alle fall ikkje nokon sprøytejournal. Det kom ei slags vurdering, men den såg ut til å vere gjort i etterkant. No har Miljøklagenemnda gjort vedtak om at NEAS må levere ut dokumenta som det var spørsmål etter.
Naturvernforbundet i Tingvoll håpar no at NEAS lagar seg betre rutinar knytt til bruk av sprøytemiddel, slik at bruken av slike middel skjer i minst mogleg grad. Mellom anna systemet med beitedyr som har Nofence-systemet som gjerde bør gje nokre nye løysingar.