Vegkantrydding i Gylhamran
Det er mykje skog som er rydda langs vegen i Gylhamran. Men er dette innanfor eller utanfor naturreservatgrensa?
På oversida av riksvegen ved Gylhamran ligg Gylhamran naturreservat. Det er edellauvskog som er vernegrunn. No er det kraftig vegkantrydding på ein del av strekninga. Spørsmålet er om vegryddinga når inn i verneområdet, og om det i tilfelle er gjeve løyve til det. Det er Statsforvaltaren som får spørsmålet.