Ei bøn for togbussen

Fylkestinget og Samferdselsutvalet vedtar klimamål i eine augneblinken og prøver å avlive togbussen rundt neste sving.

Då Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal kom med buss til Kristiansund måndag 6.5.24 blei dei møtt av Naturvernforbundet med ei påminning om at dei for nokre få fylkestingsmøter sidan har vedtatt å satse på kollektivløysingar for framtida.

Samferdselsutvalet fekk ei enkel bøn: Bevar togbussen!

Det gjekk også ut ei bøn som ikkje berre var til Samferdselsutvalet, men til alle: Bruk bussen!

Du kan sjå innslag frå Nrk her: https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal/202405/DKMR98050624/avspiller

Her er brevet til Samferdselsutvalet: