Fløystadfjellet – kva no?

Planane om vindkraftanlegg i fjellet i Tingvoll er trekt. Kva skjer vidare?

Snøen er stort sett borte. Fjellet er innbydane for tur. Ein må berre unngå område der det kan vere hekkande fugler, og halde hundar i band, særleg fram til jonsok.

Kva så med store utbyggningsplanar? Det er gjerne lite interesse etter at dei førre gav opp. Det er vel og bra. Det er samtidig ikkje noko å kvile seg på. Det var ein grunn for at interessa for vindkraft var der. Området såg ut til å ikkje vere så konfliktfylt. Mellom anna var det lite natur som var registrert. Det var lett å kunne få ei oppfatning om at området ikkje hadde spesielle naturverdiar. Det skuldast mellom anna at det har vore lite naturkartlegging i området. Å ikkje vite må ikkje forvekslast med at det er lite.

For å unngå ny interesse for vindkarft i området, vil Naturvernforbundet kartlegge i området 21. – 23. juni. Men kartlegging er alt i gang. Artskart viser no meir kunnskap om Kamsvågfjellet. Til venstre på karta nedanfor (Artsdatabanken/Kartverket) er kunnskapen vi hadde ved slutten av 2022, til høgre er det med registreringar frå 2023 og 2024. I dei delane av Kamsvågfjellet som var mest aktuelle for vindkraftturbinar, er det no meir enn 60 raude markeringar for raudlisteplanta fjellpryd og nokre fugleartar.