Koksvikelva

Ei kort elv som er ganske oversiktleg – er det håp?

Når blir vatnet i Tingvollvågen reint nok til å bade i? Tingvollvågen har stadig hatt problem med badevatnet. Kvar kjem problema frå?

Kjeldene til problema er fleire. Det er landbruk og litt anna verksemd langs Koksvikelva, og kloakken frå Tingvollvågen blir sleppt ut i sjøen eit stykke ut i Vågen. Det skal vel godt gjerast om ikkje dette er medverkande, utan at det er nødvendig å frikjenne alle andre.

Naturvernforbundet har vore på tur langs Koksvikelva fleire gongar. I 2007 munna det ut i eit brev til kommunen med tips om ting kommunen kunne sjå nærare på for å betre Koksvikelva sin tilstand i høve vassdirektivet. Eit par av problemstillingane er løyst sidan då. Eit nytt problem har kome til i form av at planta kjempespringfrø kan gjere elvebreiddane ustabile.

Biletet viser at det er mindre enn to meter mellom elvebreidd og dyrkamark. Her er det meininga at det skal vere ein vegtasjonsbrems slik at ikkje gjødsel renn i elva.

Les gjerne kva Naturvernforbundet skreiv til Tingvoll kommune i 2007: