Villblomstenes dag

Søndag 16. juni er det Villblomstenes dag, med utgangspunkt ved Tingvoll museum kl. 13.00

I mange år har Villblomstenes dag blitt markert i Tingvoll. Dette arrangementet som Norsk Botanisk Forening står bak og Naturvernforbundet i Tingvoll gjennomfører, består i år av å gå stiane og vegane ved Tingvoll museum, der vi ser på dei blomane som finst der. Dette kan ein gjere anten ein er ung eller gamal.

Det blir gange i lågt tempo med mange stopp. Dei som vil kan få eit lite oversyn over vanlege sommarblomar, der det går an å krysse av dei som ein ser. Oversynet kan brukast på fleire turar. Ta med blyant.

Turleiar er Øystein Folden, og turen varer i to timar, men det er heile tida kort veg til utgangspunktet om ein ikkje kan vere med heile tida.