Finn du desse?

Naturvernforbundet inviterer til tur på Fløystadfjellet.

Plantene over finst i fjella i Tingvoll. Dei 7 første finst mellom Nysetra og Fløystadfjellet. Kan det vere at dei to siste også finst?

Øvst frå venstre:

Svarttopp: I bekkesig og grasmyr

Jåblom: I grasmyr

Kattefot: På mineraljord

Gulsildre: Langs bekkar

Bjønnbrodd: I bekkesig og fast myr

Fjelltistel: Langs bekkar

Fjellpryd: Nær knausar på vindutsette stader

Raudsildre: På berg og i sig på berg. OBS! Sjekk blad. Kan forvekslast med greplyng i farta.

Reinrose: På lausgrus og knausar på vindutsette stader.

Har du lyst til å leite etter desse, ta gjerne kontakt med Naturvernforbundet som er langs stien mellom Nysetra og Fløystadfjellet laurdag 22.6.2024. Då kan du få gode tips.