Sulagondolen – dårleg naturkartlegging?

Naturvernforbundet på tur fann mange lokalitetar med ein raudlisteart.

Det kom nokre nye opplysningar som gjorde at Naturvernforbundet fekk eit behov for å sjå nærare på gondolsaka. På kort varsel blei det tur med 13 deltakarar oppover lia mot Gamlestølen. Tema var utanlandske treslag. På turen oppdaga ein også 16 nye førekomstar av heistorr som er rekna som nær truga (NT) på raudlista. Mesteparten av desse førekomstane vil bli øydelagde om Vonløypa blir utvida med ein meter. Ein av førekomstane ligg nær ein tidlegare førekomst som ikkje har vore vurdert i nokon særleg grad i saka tidlegare.

At såpass mange førekomstar berre kan bli borte utan vurdering er ugreitt. At desse førekomstane ikkje er oppdaga før, tyder på at botanikken er undersøkt med harelabb. 2 feltdagar på botanikken er det nemnt i dokumenta. I eit prosjekt til mange millionar.

Naturvernforbundet har sendt innspel/klage på kommunestyrevedtaket. Så får ein håpe at kommunestyrevedtaket ikkje blir noko av.

Brevet som blei sendt: