Granrydding i Skorgedalen

Den første laurdagen i november stilte 18 naturglade ørstingar og voldingar med sager og beitesakser i Skorgeura. Her skulle det fjernast gran og lerk.

Årets første nysnø hadde lagt seg, og uveret Jakob stilna akkurat dei timane vi saga, klipte og rykte opp dei uønska rømlingane.

Skorgeura naturreservat vart verna på grunn av eit stort artsmangfald i 2003, men er ikkje beskytta mot gran og lerk som spreier seg som ugras frå gamle plantefelt.

Naturvernforbundet sin dugnad var i gjort i samråd med Statsforvaltaren, og i tråd med skjødselsplanen for reservatet.

Vi fekk fjerna fleire hundre tre, og hadde ein triveleg haustdag i eit spanande landskap av grov ur og gammal skog.