Mellom – tar de utfordringa?
Når de har fått inn framandartar i anlegga dykkar, tar de ansvar, eller overlet de til friviljuge å gjere noko med saka?

For 6 år sidan sendte Naturvernforbundet i Tingvoll eit spørsmål til det som då heitte NEAS om dei ville fjerne hagelupin under høgspentlina i bakkane nedanfor Tingvoll museum. Dei har vore der ein gong, men seinare er det nok ikkje gjort noko. I alle fall er det meir hagelupin der no.
I 2022 kom eit nytt problem til syne omtrent same staden. Kjempespringfrø hadde invadert mange rutemeter. For 2 år sidan fekk Mellom spørsmål om dei kom til å gjere noko med saka. Så langt er ingen aktivitet frå Mellom si side registrert, heller ikkje svar på brevet for 2 år sidan.
Sidan då har friviljuge frå Naturvernforbundet i Tingvoll tatt tak i saka med kjempespringfrø. Ganske straks vil ein få sjå om det har lukkast, eller om det må til ein sesong til med fjerning av blomar før dei slepp frø.
Nedanfor finn du breva som er sendt.
Viss du har kjempespringfrø i område du har noko med å gjere, søk råd på kommunen si heimeside.