Vegen vi ikkje treng
Viss vi skal ha ein klode å levere til våre etterkommarar, kan vi ikkje bygge slike vegprosjekt som Astad – Fursetfjellet.

Lang eller kort tunnel? Ingen av alternativa bør vere aktuelle. Mesteparten av strekninga frå Astad til Fursetfjellet har brei veg med gang- og sykkelveg på nesten heile strekninga. Med nokre utbetringar er denne vegen god i massevis.
Viss ny veg blir bygd mellom Astad og Bjerkeset, blir det ikkje fjerna ein kvadratmeter av gamle vegar. Alt kjem i tillegg, og det er ikkje heilt lite.
Det seiast at matjorda skal flyttast. Greitt. Men å legge denne matjorda ut på areal som kan dyrkast, fjerner berre tilsvarande moglegheit til å auke dyrkaareal seinare.
Naturvernforbundet lurer også på korleis kollektivtrafikken skal ordnast gjennom Gjemnes. Det finst gode løysingar, men det er mogleg at dei er dyre. Det bør på bordet alt no.
Les under kva Naturvernforbundet har sagt om den nye vegen.