Naturvernforbundet: Skyt meir hjort i 2014

I eit brev til kommunane i Møre og Romsdal ber Naturvernforbundet om at det blir arbeidd for å få jakta mykje hjort hausten 2014. Bakgrunnen er nedbeita lyng, noko som kan gi store skader på viktig vegetasjon og ein kritisk matsituasjon for hjort og skogsfugl framover.

Etter kvart som våren lei på kom det for dagen resultat av ein vinter med lite nedbør, mykje vind og rare temperaturar. Lyngen er brun.

Vårt inntrykk er at mest heile fylket er råka. Berre område som har hatt stabilt snødekke har gått nokolunde klar. Elles er det brun blåbærlyng, svart tytebærlyng, gul brun krekling og einer. Innimellom finst det enkeltplanter som er grøne. For blåbæra er det varierande om rota også er  daud.

Viss vi får ein normal vinter igjen, vil hjortedyra oppsøke terreng som ligg bratt og sørvendt for å finne blåbærlyng når det er lite anna å ete. Det er dei stadene det ser ut til å vere verst. Same kva som hender utover sommaren, blir det lite blåbærlyng som er tilgjengeleg til vinteren viss det blir normalt med snø. Då vil dramaet del to kunne inntreffe.

Det som er igjen av blåbærris, og det som kjem i løpet av sommaren kan bli alt for lite vintermat. Når det blir lite med mat vil almen bli  oppsøkt. Der det framleis er alm. Alm i vinterbeiteområde er  frå før barkgnagd år om anna tidlegare også, og det er i slike område liten gjenvekst av alm  i tillegg.

Vinteren 2014 – 2015 kan gjere ende på store delar av bestanden av alm. Ein del stader i vinterbeiteområde er osp, selje og rogn også ganske hardt beita over tid, delvis slik at ein del årgangar nærast manglar. Kva som er normalt gjenvekstnivå av desse artane kan diskuterast, men dette er også ein del av temaet.

Ei utvikling som ein moglegvis kan sjå føre seg er at hjortebestanden i løpet av komande vinter tar for seg av dei nemnte artane. Då kjem vi til våren 2015 med eit endå dårlegare utgangspunkt enn no i vår. For då er dei enkeltplantene som levde over no i år også beita vekk på område som er tilgjengelege for hjorten om vinteren.

Det er mykje vi ikkje veit endå om denne situasjonen, og ein del av det vi får vite etter kvart vil vi vite for seint til at vi får brukt det. Det vi veit, gjennom mange år med hjorteviltforvaltning, er at ein kan auke hjortestammen mykje om ein ønskjer det. Det er difor truleg at ein kan ta hjortestammen ned ganske mykje, og framleis vil ein kunne auke denne igjen så snart mattilgangen er i orden igjen. Ein heilt nedbeita blåbærressurs kan det vere langt meir tidkrevjande å få opp igjen, i alle fall viss det som kjem opp blir ete opp etter kvart.

Dette er ikkje berre ei mogleg krise for hjorten. Skogsfugl er avhengig av blåbær. Dei nemnte treslaga er det også andre som gjerne vil ete litt av. Humlene er mellom dei som aktivt oppsøker blåbærblomstrane. Det kan oppstå ein god del forskyvingar i skogsøkosystemet i fleire år framover. Når slikt oppstår naturleg, så er det ein del av naturens gang. Viss slikt oppstår som følgje av menneskeskapte klimaendringar, slik ein no kan ha mistanke om, blir det litt annleis. Sidan hjortebestanden har auka mykje dei siste tiåra ved retta avskyting, er denne også ein del av naturen som ligg noko utanfor normalen og som i dette høvet verkar på same sida som tørken.

Difor vil Naturvernforbundet rå til at kommunane tar grep slik at det er mogleg å jakte mykje hjort no i haust. Fram til blåbærsituasjonen er meir normal igjen bør hjortedyrbestanden reduserast mykje. Dei endelege vedtaka kan gjerne vente litt til ein ser litt meir av utviklinga, men det er viktig at det blir førebudd i tide.