Rydd byen og få nye vener!

Laurdag 1.november kl 12-14 kan du igjen få bli med og rydde sentrum i Molde. Vi kan love at du får nye perspektiv på byen, og at du truleg blir kjent med nokon du ikkje kjente frå før.

Bilde av snusboks, sneiper og anna søppel

Reclaim, Naturvernforbundet i Molde, Molde Natur og Ungdom og Miljøagentene i Molde arrangerer byryddinga. Oppmøte på InnbyggerLaben i Storgata.

Du får utdelt eit område å rydde på, og sekker. Ta gjerne med eigne hanskar og refleksvest. Du får utdelt dersom du ikkje har. Det blir enkel servering etter ryddinga på InnbyggerLaben. Ta vare på eigne barn under aksjonen.

Erfaring frå tidlegare byryddedagar er at det er sosialt og du lett blir kjent med nokon du ikkje kjente frå før. Kom aleine, eller ta med deg familie og vener og bruk nokre timar på byen vår.

Følg aksjonen på facebook

Hold Norge Rent

Hold Norge Rent mobiliserer hvert år frivillige ryddere til nasjonale ryddedugnader. Ryddedugnadene skal ta hensyn til fuglenes hekketid og vi oppfordrer alle til å rydde før fuglene kommer på våren eller etter at de har dratt på høsten.

Her kan du lese meir om Hold Norge Rent