Manglande kraft?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det finst ein del kraftfulle påstandar for tida. Nesten så ein skulle tru det snart er val. Ein del har løysingar, men ingen vil gjennomføre dei. Andre har løysingar som i etterkant vil krevje nye løysingar på problem vi ikkje har hatt tidlegare.

Men ein ting er alle samde om – vi bruker meir energi enn vi produserar, og det kan vere eit problem. Til vi finn ei god løysing som også blir iverksett så får politikarar som vil ha alt mogleg til Møre ha litt magamål. Kraftkrevjande prosjekt kan dei som har kraft ta seg av. Det er slett ikkje nødvendig at alt dette skal til Møre. Nordland og Sogn og Fjordane treng sikkert også nokre industriarbeidsplassar. Men vi treng ikkje vere i bakleksa når det gjeld utvikling. Det er til dømes nokre energiløysingar som skal ha si løysing, og dei som klarer å løyse desse utfordringane på ein framtidsretta måte vil bringe verksemd og pengar til Møre.

I Sunndal er det ivrige talspersonar for utbygging av Erga som vil føre med seg 35 GWh eller noko slikt i auka straumproduksjon. Det skal visstnok vere så gildt eit prosjekt sidan det er fornybar energi. Borti gata der nedst i Sunndalen ligg det nokre kilometerlange industrihallar. Der tek dei 5% av den norske fornybare straumproduksjonen og lagar aluminium og varme av det. Sjølv om ikkje denne varmen er like gloheit som den Elkem litt lenger nord får til, så er han heit nok til å lage straum av han ved hjelp av varmepumpeteknologi for å forenkle litt. 600 GWh skal vere fullt mogleg å få til på ein samfunnssvarande måte, og langt rimelegare enn til dømes vindkraftproduksjon. Produksjonen kan skje på industriområdet utan at nokon merker noko større til det. Det var eit tiltak ordførar Refstie gløymde i lista si nyleg, men sidan løysinga har liten negativ miljøverknad og det er Naturvernforbundet som har lagt fram ideen alt for nokre år sidan, var han vel ikkje verdt å nemne?

Elles er det jo interessant å sjå kven som tykkjer det er tull med meir utgreiingar av kraftliner i fylket. Sunndal, Aukra og Kristiansund karrar til seg av energikrevjande industri. Dei har fått det dei peika på i godtebutikken, og tykkjer det er rart at dei andre som ikkje får noko nektar å betale.

Sjølv om bygginga av kraftlina frå sør begynte i morgon vil det ta fleire år før ho står ferdig. Kva så med tida fram til då? Naturvernforbundet har peika på det før og gjer det igjen. Ei rad energieffektiviseringstiltak let seg gjennomføre utan søknader, konsesjonar og klagar. Det dreier seg i stor grad om hyllevare som kan leverast ganske raskt. Og det beste av alt, det let seg gjere å gjennomføre fordi dei er lønsame eller dei kan få tilskot som gjer dei lønsame. Tilskot innafor storleiken av det staten tok inn i moms på den ekstra høge straumprisen vi hadde i nokre periodar sist vinter.

Men det er viktig at vi ikkje berre løysar problemet, men også at vi let vere å skaffe oss nye. Den tid er over at vi berre kan produsere meir. No må vi heller vere lurare så vi kan gjere det same med mindre, eller endå betre at vi også endrar forbruket vårt av det som går under omgrepet «Biff, bil og bustad». Vi kan klare oss med mindre av dei tre tinga, og då vil energibruken vår gå ned.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen