Skogsbilveg og lindyrking
Det kjem fleire søknader om skogsbilveg som følgje av stormen AMY. Naturvernforbundet vil sjå nærare på nokre av dei.
Øystein FoldenStormen Amy la flat mykje skog i Tingvoll. Når ein vil rydde opp, trengst det vegar. Då blir det eit spørsmål om det er greitt for naturen. Naturvernforbundet ber om at det blir sett vilkår knytt til grøfting og at vegen blir korta litt ned når det gjeld denne vegen.
I denne saka blei stadnamndatabasen tilfeldig undersøkt. Der stod det Fåtjørna på myra. Lokalkjente visste ikkje om namnet eller tydinga. Det gjorde derimot Husflidslaget. Når ein røyter lin så legg ein linstråa i vatn ei god stund for å bryte ned limstoff – å få lin. Det skjer helst i grunne dammar med litt sølebotn.
Staden blei oppsøkt. Vindfalla var mange, myra var der, og sanneleg var det to «søledammar» som kunne passe med det som var sagt.
Viss ein framleis skal kunne undersøke dette nærare, må ein unngå å tørke ut myra. Det bør ein unngå av biologiske grunnar også. I Tingvoll er det 8 stader med namnet Fåtjørna. Truleg er det berre to som ikkje har blitt øydelagd.
Fråsegna med fleire bilete kan du sjå her: