Nedre Driva kraftverk
Kva må greiast ut?
Øystein FoldenDet er stor kreativitet når det gjeld å produsere meir elektrisk kraft. Prosjektet Nedre Driva kraftverk melder difor at dei vil ha nye løysingar. Eit anlegg tilsynelatande med få negative verknader. Etter å ha arbeidd med spørsmålet eit halvår er ikkje Naturvernforbundet like sikre. Det er i alle fall nødvendig å greie ut ganske mange spørsmål svært grundig.
Kva skjer når ein slepper ut mykje meir ferskvatn på ein gong i januar og februar, veit algane i fjorden kva dei skal gjere for noko? Vil bergveggen i Gråura tørke opp så mykje at sjeldne lav og mosar vi ikkje veit om endå kjem bort?
Stor auka i slukeevne gjer det mogleg å bruke meir straum som kjem frå ustabile kjelder som vindkraft. Kva kan vi vente oss av nye kraftliner?
Alt no er det klart at tankane om å overføre Langvatnet i Innerdalen til dette prosjektet, ja det kan dei like gjerne gløyme med ein gong. Renndøla (Biletet) er meir enn nok regulert, og vatn frå Langvatnet skal renne i Renndøla også i framtida.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Trøndelag har levert eit innspel til prosjektet. Det kan du lese her: