Dysjaneset i Sande kommune

Der var det nokre frå før – ikkje plass til torskeoppdrett

Fiskeridirektoratet si klagesakseining har 23.1.2026 avgjort ei klage frå Naturvernforbundet. Det er slått fast at dei som var der frå før treng plassen, og at det ikkje skal vere noko torskeoppdrett ved Dysjaneset. Heile 8 naturreservat ligg i området.

Naturvernforbundet klaga 20.4.2023 på Møre og Romsdal sitt konsesjonsvedtak. Også i dette området kan oppdrettsanlegg for tam torsk vere til ulempe for den ville torsken. I tillegg finst det mykje sjøfugl i området. I tillegg finst det framleis hubro. Nokre episodar i Trøndelag viser at hubro kan misse livet i oppdrettsmerdene. Summen av alt dette måtte bli avslag av søknaden.

Søkar har sjølv tatt risikoen med å setje ut merder i desember 2024, sjølv om klaga ikkje var avgjort. Dei må no ta opp fisken så snart han kan slaktast, og rydde opp etter seg.

Naturvernforbundet si klaga og Fiskeridirektoratet sitt vedtak: