Fuglekollisjonane må få ein slutt
Naturvernforbundet har spurd nettselskapet Linja om når dei får lagt høgspentlina langs Grimstadvatnet i kabel.
Øystein FoldenNyleg kolliderte ei sangsvane med høgspentlina nord for Grimstadvatnet i Hareid kommune. Naturvernforbundet har spurd om når denne høgspentlina som stadig dreper fugl vil bli lagt i kabel.
Nettselskapet Linja var raske til å svare, og kan også fortelje at dei legg trekkerøyr i bakken når dei likevel graver. Det er flott. Fuglane håpar på fortgang. I tillegg til at det gjekk med ei sangsvane så brann det denne gongen også eit uthus og ein del i terrenget.
Du kan sjå brevet frå Naturvernforbundet og svaret frå Linja under her.