Skog og miljø

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Naturvernforbundet tar ikkje mål av seg å få skogbruksnæringa til å få orden på klimaverknader og biologisk mangfald. Men skogbruket si lære om desse tinga no for tida er i det minste svært omdiskutert, og ein del er truleg heilt gale. Difor har vi behov for å fortelje vår versjon.

Næringspolitisk sjef Jarle E. Holberg i Allskog har i eit innlegg nyleg kome med ein del påstandar som skulle vere grunnlag godt nok til å fylle spaltene i sommar. Denne gongen får vi ta for oss ein påstand som går igjen ofte frå skogsida for tida. Kva skal vi tru om denne påstanden: ”Skogen i Norge fanger halvparten av våre CO2-utslipp”. ”Skogtiltak vil være vårt mest effektive, enkle og billigste bidrag i klimakampen.”

Viss vi skal tale om skog som ein faktor til fangst av CO2, må vi først ha greie på kor mykje skog og CO2-fangst som er det naturlege. Det er berre den skogen som kjem i tillegg til dette som i beste fall kan telje som ein del av CO2-løysinga. I Noreg har vi også hogd skogen, slik dei driv med i regnskogsområda i dag. Men vi starta i mellomalderen. Det store tømmeret blei hogd, areal blei svidd av og dyrka, store areal blei beita og setringa førte til at skoggrensa kraup nedover.

Såleis var skogen i stor grad hogd ut for 100 år sidan. Etter den tid har volumet på skogen auka.  Landskogtakseringa frå kring 1920 fortel om eit skogvolum på over 300 millionar kubikkmeter tømmer. Nyaste tal frå Skog og Landskap er på 748 millionar. Ei god dobling er mykje, men det er truleg ikkje meir enn det som skulle til for å ordne opp i snauhogginga frå tidlegare. Kan hende er ikkje oppgjeret ferdig endå etter rovdriftsperioden.

Tømmervolumet seier noko om kor mykje CO2 som er lagra, men ikkje så mykje om kva som fangast. Og det seier berre litt om lageret også. Kring 10% av karbonet som skogen samlar finst i stokken, rota og baret. Resten samlast opp i skogbotnen og ikkje minst i myr. Arealet med skogbotn og myr har i alle fall ikkje dobla seg siste hundre år. Det er vidare mykje mogleg at CO2-fangsten i skogbotnen går ned dersom tømmervolumet går opp på moderne vis. Ein god del myr er grøfta for å plante den skogen som står for auka. I tett granskog døyr skogbotnen, og når denne skogen blir hogd, så blir det rota så mykje med jordsmonnet at ein del av CO2-lageret i jorda blir borte.

Den skogen vi har i Noreg i dag fangar CO2, men det er den delen som naturen i utgangspunktet skal samle opp når naturen er i balanse, og ikkje det som kjem frå våre ekstrautslepp frå kol, gass og olje.

Vil du unngå råplanting (jf. råkøyring) av sitkagran og gran der du bur – meld deg inn i Naturvernforbundet!

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal