Ny klage på torskeanlegget ved Dysjaneset i Sande.

Fiskeridirektoratet gjorde feil då dei gjorde om sitt eige vedtak utan klage.

Naturvernforbundet
Naturvernforbundet

Først fekk Ode konsesjon for torskeoppdrett. Så fekk Naturvernforbundet medhald på klage, og Ode blei pålagt å avslutte oppdrettet innan ein frist. Så gjorde Fiskeridirektoratet om vedtaket sitt, utan klage. Ode kunne halde fram. I løpet av tre veker var ikkje hubroen utsett for å kunne drukne i nota lenger, sidan dei som eventuelt kunne vere igjen hadde vent seg til anlegget.

Naturvernforbundet har no gått gjennom omgjeringsvedtaket. Det viser seg at vedtaket ikkje kunne gjerast om, heimel for det finst ikkje. Så no har Naturvernforbundet klaga på omgjeringsvedtaket.

I tillegg handlar denne saka om ei konsekvensutgreiing som ikkje finst. Vidare om kva dokument seier og ikkje seier om raudlista fugl. Vill torsk og tam torsk står også på rollelista.

Innan denne saka har fått ein ende, kan du rekke å lese gjennom Naturvernforbundet si klage.