Skogen og rømlingane

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Fjørtoft skogryddingslag er eit nytt og forfriskande pust i saka om korleis landskapet vårt bør sjå ut. Skal øyene og kystlandskapet vårt gro igjen slik at utsikten berre finst rett opp? Er det greitt at høge tre som ikkje ein gong høyrer til hos oss skal få dominere i landskapet? Er det greitt at det som var her av biologi må flytte ut og bli overtatt av noko heilt anna?

Landbruksministeren har også eit syn på saka. Berre den nye skogen blir stelt, så er dette vel og bra. Det er grunneigarane som eig skogen, og dei rår over skogen også. Kva er det landbruksministeren eigentleg seier? At den skogen vi har fått etter leplantinga og skogplantinga for nokre tiår sidan, den skulle ha vore stelt, men det har ikkje skjedd? I alle fall ikkje ute på kysten. Kvifor ikkje det? Skuldast det kan hende at det slett ikkje er lønsemd i det? Dei siste åra når eg har vore ute på kysten så har eg sett litt aktivitet med motorsag i desse områda. Men det er ikkje stell av skogen. Det har vore fjerning av skogen, og dei eg har tala med seier at dei skal i alle fall ikkje plante ny av same slaget. Så mykje har dei i alle fall lært. Finst det ikkje noko anna brukande, så tar dei heller vinden.

Det er grunneigaren som rår. Er det det? Dei som er grunneigarar og ikkje har planta eit tre, men likevel har fått ein heil skog av dei, rår dei også over sin eigen eigedom? Kan dei ringe til naboen sin og be han hente rømlingane sine som har slått seg til, på same måten som når sauane er på ville vegar? Det burde i alle fall gå an, for skogbruket har hatt plikt i alle fall sidan 1990-talet til å passe på at skogen ikkje spreier seg utanom plantefeltet.

Landbruksministeren rår ikkje over pengar til å nappe opp skog på ville vegar. Landbruksministeren rår over pengar som skal brukast til å plante meir skog i område som ikkje har «tilfredsstillande tettheit» som skog frå før. Eit tiltak som har klimamerkelapp som knapt ein miljøorganisasjon skjønar noko av. Desse pengane kan brukast til noko som er mykje nyttigare enn å plante gran utanom område grana er naturleg i.

Det finst elles offentlege middel til å rydde vekk gran. I Vesterålen finst det nye døme på at den eine grunneigaren har fått tilskot frå Miljødirektoratet til å fjerne tusenvis av rømlingar, samtidig som andre har fått tilskot frå landbrukssystema til å plante meir.

Vi har bruk for Fjørtoft skogryddingslag og andre som vil få ein ende på denne galskapen. Leplantingane har verka. Lauvskog av artar vi kjenner frå før har grodd opp i le, og det er tid for å fjerne sitkagrana, bergfurua, buskfurua og andre liknande skapningar som det ikkje lenger er bruk for, og tynne i lauvskogen. Det er på høg tid, før det blir endå mykje dyrare å få det gjort.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal