La ikkje Kverve bli endå eit naturtap
Vi er djupt uroa over planane for næringsutbygging på Kverve. Den konsekvensutgreiinga for naturmangfald og vassmiljø viser at dette området inneheld store og sårbare naturverdiar, og at utbygginga vil få alvorlege konsekvensar.

Naturvernforbundet er djupt uroa over planane for storstilt næringsutbygging på Kverve på Ellingsøya. Den nye konsekvensutgreiinga for naturmangfald og vassmiljø viser med all tydelegheit at dette området inneheld store og sårbare naturverdiar, og at utbygginga vil få alvorlege konsekvensar.
Rapporten «Kverve, Ålesund kommune – Konsekvensutredning for naturmangfold og vannmiljø» fra Biota Naturkompetanse AS, utarbeidet i oppdrag fra Nordplan AS, dokumenterer at Kverve omfattar eit sjeldan og samanhengande natur- og kulturlandskap med kystlynghei, myr, strandenger og viktige leveområde for fugl, flaggermus og andre artar. Fleire av naturtypane er raudlista, og kystlyngheia er til og med ein utvald naturtype etter naturmangfaldlova.
Særleg alvorleg er det at konsekvensutgreiinga vurderer dei største utbyggingsalternativa til å gi «svært stor negativ konsekvens» for naturmangfaldet. Også dei mindre alternativa blir vurderte til å gi «stor negativ konsekvens». Dette er ikkje små justeringar i naturen – det handlar om irreversible inngrep i nasjonalt viktig natur.
Myrane på Kverve er spesielt viktige. Myr er ikkje berre leveområde for mange artar; dei lagrar også store mengder karbon og fungerer som naturlege svampar som tek opp vatn og dempar flaum. Når myr blir bygd ned eller drenert, mistar vi både naturmangfald og viktige klimafunksjonar. Rapporten peikar også på at inngrep kan få større konsekvensar enn sjølve arealbeslaget fordi dei hydrologiske forholda blir endra.
I tillegg kjem påverknaden på sjøområda. Utbygginga vil føre til tap av grunne sjøområde, påverke gytefelt for kysttorsk og kunne gi auka utslepp til fjordsystemet rundt Ellingsøya. Dette skjer i ei tid der både naturkrisa og tilstanden for kysttorsken krev langt sterkare vern – ikkje fleire inngrep.
Naturvernforbundet meiner det er på høg tid at vi spør oss kva slags utvikling vi ønskjer for Ålesund-regionen. Skal vi byggje ned stadig meir natur for kortsiktig gevinst, eller skal vi ta vare på dei verdiane som ikkje kan erstattast?
Kverve er ikkje eit tomt areal på eit kart. Det er eit levande økosystem, eit viktig friluftsområde og ein del av naturarven vår. Når konsekvensutgreiinga sjølv konkluderer med stor og svært stor negativ konsekvens, bør varsellampene blinke hos både politikarar og innbyggjarar.
Vi oppmodar derfor Ålesund kommune til å leggje naturverdiane avgjerande vekt i den vidare behandlinga av saka. Nokre område er rett og slett for verdifulle til å byggjast ned.