Naturen betalar?

Det må vere uaktuelt at naturen skal betale for Tafjord Kraft sine planar om å pumpe vatn gjennom Fetegga i Fjord kommune.

Øystein Folden
Øystein Folden

Tafjord Kraft vil auke kraftproduksjonen sin. Det finst alltid nokon som vil ha meir straum. Den som er meint å betale for dette er naturen.

Naturvernforbundet meiner at inngrepa er store frå før i området. Resten må få vere i fred. Det gjeld ikkje minst reinen som må få betre kår, ikkje dårlegare.

Høgsterett har nyleg avgjort at ingen kan øydelegge vassdrag for å tene pengar. Det gjeld nok i denne saka også. Tafjord Kraft kan ikkje rekne med å få lov til å regulere Reindalsvatnet og elva ut av vatnet for å pumpe vatn frå eit vassdrag til eit anna. Då vil vurderinga av vatnet kome ut som sterkt modifisert vassførekomst (SMVF). Det er best om raudsildra (biletet) og reinen får vere i fred.