Kva ville redaktøren gjort då?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Aura Avis spanderer litt merksemd på Naturvernforbundet fordi vi har klaga på eit vedtak som gir løyve til motorferdsel i Trollheimen.

Viss produktet av dette løyvet verker, vil det framover kome folk til mellom anna Trollheimen. Lat oss seie at det om eit knapt år kjem ein liten delegasjon, eller fortropp, som vil oppleve desse eineståande fjella våre. Dei legg i veg og bruker ei god stund på å kome fram til kremtoppane. Alt blir sjølvsagt dekt av Aura Avis som den storhendinga det er. Endeleg står Nordmøre på turistkartet. Oh, so beautiful!

Så kjem det plutseleg eit helikopter, flapp, flapp, og slepper av ein fotograf og ein skikøyrar på næraste fjelltopp. Kva ville redaktøren seie til skifølgjet då? At det skader ingen og ikkje noko om det blir gitt eit løyve til slike føremål som dette?

Det er mange stader i verda det finst fine fjelltoppar med snø som det er fint å renne på. Det er mange stader der det er mykje enklare å kome seg til toppane for å kunne renne ned, ein får skyss opp for ein rimeleg penge. Det eineståande med våre fjell er at det tar litt tid å kome seg dit sidan vi har ein del natur, og det er ikkje minst stilt om vi passer på litt. Viss det er det ein vil oppleve, då er det ikkje mange alternativ til Noreg. Særleg viss det er eit poeng å kombinere det med fjordlandskap.

Kan desse destinasjonsselskapa lage skireklame på andre stader som har tilnærma dei same kvalitetane som om det blir gjort i Trollheimen og andre verneområde? Det er det Naturvernforbundet meiner, og det er difor vi meiner at det er unødvendig å gje løyve til slike føremål i verneområde. Slike område er verna fordi dei har kvalitetar litt utover det vanlege. Kvifor kan vi ikkje passe på slike verdiar, så dei ikkje kjem vekk, men heller blir polert og pussa på så dei glitrar endå litt meir? Så kan dei som let seg lokke få fullgod vare slik reklamen lovar.

Elles er det ikkje berre utlendingar som set pris på spektakulære, stille norske fjell. Sanneleg finst det ein del slike her i landet også. Det er ei allsidig gruppe det er tale om, og den einaste felles paraplyen dei kanskje kan godta er at dei driv enkelt friluftsliv. Ein god slump av Naturvernforbundet sine medlemmer set pris på at vi kjemper for at dei kan drive sitt enkle friluftsliv framleis. Men dei lurer på kvifor slike klager tar meir enn eit år å få avgjort. Kva er ein demokratisk rett til å klage verdt, når dei ikkje berre har flagra ein sesong, men sanneleg to sesongar ?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal