Barn vil ha økologisk mjølk – kan Tine levere?

Det siste året har barn mange stader fått tilbod om økologisk mjølk i skule og barnehage, til same pris som den homogeniserte mjølka. Valet har for mange vore enkelt – dei fleste trur at økologisk mjølk er betre, og vel det.

Naturvernforbundet og Grønn Hverdag arbeidar for sunnare forbrukarar i sunnare miljø. Vi ønskjer at forbrukarar skal få tilbod om økologiske varer fordi dei inneheld det som naturen har lagt opp til og ikkje er tilsett noko eller unødig produsert bort frå grunnlaget. Dessutan har dyra og jorda ein større garanti for å ha det bra ”til evig tid” ved økologisk produksjon.

Etter ein kampanje Grønn Hverdag hadde i haust har mange barnehagar i fylket gått over til økologisk mjølk. Dette har skapt leveringsproblem for Tine som no må hente økologisk mjølk frå andre regionar. Nokre barnehagar har opplevd å ikkje få mjølk i det heile fordi Tine ikkje kan levere økologisk. Dette må Tine gjere noko med. Grønn Hverdag har også undersøkt interessa etter økologisk mjølk i skulane og opplevd ei stor interesse. Vi ønskjer oss også eit tilbod om økologisk mjølk til alle skulane i fylket.

Økologisk mjølk blir produsert på gardar i fylket, og ein del stader blanda med anna mjølk på veg til meieriet. Då blir ekstra verdifull råvare redusert til ei ordinær råvare. Det tykkjer vi er gale når det ser ut til å vere etterspurnad etter den økologiske mjølka.

Grønn Hverdag og Naturvernforbundet trur tida no er komen for eit løft i etterspurnaden etter økologisk mjølk. Når mange barn er vant med at mjølka skal vere økologisk, vil dette gjere noko med forbruket av økologisk mjølk og andre økologiske produkt også i heimane. Større omsetnad av økologisk mjølk må føre til at meir av den økologiske mjølka som blir produsert på gardane kjem på bordet som økologisk vare. Sidan økologisk produksjon er noko meir arbeidskrevjande, tilseier det auka sysselsetjing i landbruket.

Her er det utsikter til mange vinnarar om Tine vil satse meir på økologisk produksjon. Tine – når kan også skulane få eit tilbod om økologisk mjølk? Når kjem den mjølka som heilt fram til gardstanken er økologisk også fram til forbrukarane som økologisk?

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Mari Melbø Rødstøl, Miljørådgiver i Grønn Hverdag, Møre og Romsdal



Kontaktpersonar: Mari Melbø Rødstøl, Miljørådgiver i Grønn Hverdag, Møre og Romsdal, Tlf: 91100829 Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, tlf. 918 12 542

Les svaret frå Tine i Sunnmørsposten 15. november 2005