1. september er passande spreietidspunkt i Stranda
Stranda kommune har hatt ny forskrift for spreiing av husdyrgjødsel på høyring. Naturvernforbundet har gitt fråsegn.
Naturvernforbundet er oppteke av at det er viktig for landbruket å sikre tilstrekkelege gjødsellager, slik at spreiing av gjødsel blir eit tiltak for å auke matproduksjonen, ikkje for å løyse eit plassproblem. Gjødsel er ein verdifull ressurs på jorda i vekstsesongen, men eit forureiningsproblem i vatn og vassdrag.
Høyringsbrevet frå Stranda kommune:
From: Inge Bjørdal
Sent: Saturday, April 23, 2016 2:26 PM
To: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden
Subject: Høyring – forslag til ny, revidert lokal forskrift om Frist for spreiing av gjødselvarer av organisk, opphav på eng i Stranda kommune
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden
Arkiv: GBN – 00/00
Dato: 19.04.2016
Vedlagt oversender vi framlegg til ny, revidert Lokal forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk, opphav på eng i Stranda kommune, Møre og Romsdal til høyring.
Stranda kommune har tidlegare lokal forskrift (https://lovdata.no/dokument/JB/forskrift/2008-09-10-1651?q=Stranda%20kommune ), men Sunnylven bondelag har sendt inn forslag om endring av denne i brev av 20.01.2016 (sjå vedlegg).
Utvalet for Miljø og kommunalteknikk gjorde i møte 14.04.2016 (MK 027/16) følgjande samrøystes vedtak:
- Kommunen legg framlegg til justert lokal forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på eng i Stranda kommune i 3 alternativ ut for høyring.
- Uttalefrist vert sett til 15. mai, 2016.
- Høyringsinstansar skal vere: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Geiranger bondelag, Liabygda bondelag, Stranda bondelag, Sunnylven bondelag og Møre og Romsdal naturvernforbund.
I samsvar med dette vedtaket vert revidert forskrift lagt ut på høyring fram i tre alternativ. Det eine alternativet er å halde på gjeldande forskrift og datoar (berre med mindre språklege justeringar).
Frist for merknader 6. juni, 2016 (utsett administrativt i høve til vedtaket ettersom regelverket ikkje treng vere på plass før til hausten, og sidan tida no frametter er ei travel tid for bøndene).
Merknader vert å sende til Stranda kommune på adressa som går fram nedst på brevet.
Med vennleg helsing
Stranda kommune
Dette brevet er godkjent elektronisk i Stranda kommune og har derfor ikkje signatur.
Mottakar:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Geiranger bondelag v/Karl Inge Lilleås
Liabygda bondelag v/Einar Lied
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden
Stranda Bondelag v/Reidar Ove Overvoll
Sunnylven Bondelag v/Peder Hellebostad
Kopi til:
Vedlegg:
Dok.dato
Tittel
Dok.ID
Sunnylven Bondelag – Søknad om permanent utsetjing av spreiing av husdyrgjødsel
Lokal forskrift med forslag til endringar_revidert mars 2016 – alt. 1
Lokal forskrift med forslag til endringar_revidert mars 2016 – alt. 2
Lokal forskrift med forslag til endringar_revidert mars 2016 – alt. 3