Krokvatnet i Aure – for dårleg kartlagd
Stort naturinngrep – lite straum å hente
Øystein FoldenEi regulering av vasstand med ein knapp meter høyrast ikkje så mykje ut. Men verknaden av ei slik regulering kan bety ein heil del for ein del artar. Ein fugleart som legg reiret sitt 20 cm over vassflata får våte egg og ungar om vatnet blir demt opp nokre cm. For ein storlom er dette nok til at det går gale. Ein storlom mindre som hekker, gjer det noko? Når det kan hende er berre to og halvparten blir borte, så blir bestanden halvert.
Det er ikkje sagt noko om korleis det går med ålen i dette vassdraget. Frå andre kraftverk veit vi at ålen kan gå i turbinen å bli kutta i bitar. Elvemuslingen lenger ned i vassdraget, kva med den? Auren, vil han ha nokon plass å gyte?
Konklusjonen er enkel nok, Ålmo kraftverk bør ikkje få demme opp Krokvatnet til meir kraftproduksjon. Kartlegginga av naturmangfaldet som vil bli påverka er rett og slett dårleg.
Her er fråsegna frå Naturvernforbundet: