Kor mange gaupefamiliar er det på Nordmøre no?

Svaret er: Ikkje så mange som for tre år sidan.

Ved siste offisielle telling var svaret 0. Rovbase som held orden på observasjonar og spor av gaupe fortel om nokre ganske få observasjonar av gaupe det siste året. Det er vel tale om berre eit par sauer som har blitt offer for ei gaupe. Det er like mange som det er skotne gauper. Få er også meldingane i avisene.

Gaupa er raudlista. Det er altså fare for at arten døyr ut. Det er vanleg forvalting at ein då skal prøve å auke bestanden for at arten kjem seg ut av raudlista. Det siste tiåret har Nordmøre hatt ansvar for 4 gaupefamiliar. Naturen har bruk for at det finst rovdyr som gaupe, som held bestanden av grasetarar, i vårt til felle hjortedyr, nede. For å berge skogen og berge mat som blåbær til fuglar og dyr, er det no viktig at hjortedyrbestanden ikkje blir for stor.

Rovviltnemnda har likevel vedtatt ei kvote på fleire gauper. Rovviltnemnda har fått ei klage.

Klaga frå Naturvernforbundet kan du lese her: