Miljøskandalen i Eide
20 års arbeid gav resultat
NaturvernforbundetDei første bileta i Naturvernforbundet sitt arkiv er frå 2007, truleg frå årskiftet 2006-2007. Då fekk Naturvernforbundet tips som ein var i tvil om kunne vere rett. Ved besøk på staden, viste det seg å vere mykje verre.
Etter den tid har det vore mange brev og mange telefonar, både til verksemda, til kommunen som ureiningsmynde og ikkje minst Statsforvaltaren når det gjeld utsleppsløyve og oppfølging av dette. Det har vore mange dagsverk, særleg dei første åra før saka hamna hos rettsvesenet.
23.11.2026 melder Statsforvaltaren at det er rydda. No må ein håpe at ein har fått kontroll med alt.
Naturvernforbundet er ikkje så veldig opptatt av fortida. Det er viktigare å ta læringspunkt og kome seg vidare. Denne saka viste at kontrollerande mynde må ha stramme rammer som følgjast opp tett. Å sleppe denne typen verksemd laus på grunnlag av utsegner om at det skal bli betre, det har alle føresetnader til å gå gale.
Naturvernforbundet håper det aldri igjen blir nødvendig å bruke så mykje tid på ei slik sak.