No er det blitt enklare for miljødetektivar å finne ulovlege avfallsfyllingar
– Ta i bruk ny teknologi for å finne ulovlege avfallsfyllingar! Naturvernforbundet har laga ei rettleiing slik at publikum kan hjelpe oss med å finne miljøgiftar i naturen, seier fylkesleiar Øystein Folden.
– Sjølv om det er nokre år sidan tvungen renovasjon blei innført i Møre og Romsdal, er det fortsatt mange som dumpar avfall ulovleg i naturen, seier Øystein Folden i Naturvernforbundet.
Det er i utgangspunktet kommunane som er ansvarlege for å hindre forsøpling av denne typen, men enkelte kommunar har prioritert dette alt for lågt. – Naturvernforbundet har oppdaga at både Vanylven og Molde manglar oppfølging av slike sakar, men her er det sikkert mange fleire kommunar som har svin på skogen, seier Folden.
Miljødetektivarbeidet baserer seg på offentlege kart og flyfoto på nettet, kombinert med feltarbeid. – Naturvernforbundet tar gjerne imot tips om ulovlege avfallsfyllingar. Vi skal sørge for at dei kjem dit dei skal, seier Folden, som ikkje utelukkar at det kan bli aktuelt med sterkare lut i forhold til dei kommunane som ikkje aktivt arbeider for å unngå forsøpling.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet
Rettleiinga til miljødetektivar
Rapport frå Rollag kommune i Buskerud
Revidert veileder til kommunen om ulovlige avfallsplasser – brev fra SFT til Miljøverndepartementet
Revidert veileder til kommunen om ulovlige avfallsplasser – utkast til delegeringsbrev