Debatt med Tingvoll skogeigarlag

Gjennom tingvoll.net har Tingvoll skogeigarlag stilt nokre spørsmål til Naturvernforbundet. Her kjem svara.

Svar om skog

Tingvoll Skogeierlag har stilt Naturvernforbundet nokre spørsmål som fortener svar:

Hva skal vi leve av her i landet etter hvert?

Vi skal hauste av det overskotet som naturen gir, på ein slik måte at det er mogleg for dei som kjem etter oss å gjere det same. Haustar vi meir enn overskotet, då vil det ikkje kome noko ”etter kvart”.

Hva er alternativene til bruk av skogsråstoff der det kan nyttes?

Tre og stein er det lange tradisjonar for i Noreg. Viss vi ikkje bygger for stort, så har vi tilstrekkelege ressursar til det. Til varme kan vi godt bruke trevirke, og då gjerne slikt som ikkje har god nok kvalitet til materialar. Viss arbeidskapasiteten er så nokolunde og huset ikkje er for stort, kan ein halde seg godt varm på det som skogeigarane kallar kjerr.

Skal alt da baseres på bruk av olje, betong, stål og aluminium?

Viss folk trur at Naturvernforbundet vil tilrå olje, betong og stål i staden for trevirke når det kan nyttast, ja då skal eg vere den første til å beklage det. For det er slett ikkje sant. Viss nokon kjenner seg medskuldig i å spreie ei slik oppfatning, håper eg de vil rette opp det.

Då har Naturvernforbundet svara på alle spørsmåla som blei stilt. Då er det gjerne vår tur til å spørje litt. Men først nokre samanhengar.

Tingvoll Skogeierlag er stolte av at dei bind 54 000 tonn CO2 i året, kan ein lese. Eller kanskje seier dei noko anna, men det er i alle fall det mange trur dei seier. Det er ein del av problemet.

Korleis ligg det eigentleg an med klimarekneskapet for skogen i Tingvoll?

Tilveksten i Tingvoll er på 30 000 m3 årleg er det utrekna. Av dette blei det hogd 13 325 m3 i 2010. Tømmer på rot er utvilsamt ein del av CO2-lageret, men hogd tømmer er snarvegen til at CO2 er på veg ut av lageret. Det tømmeret som blir bruka til papirmasse av ulike slag er i praksis brote ned til CO2 igjen etter gjennomsnittleg 1 år. Anna treverk blir bruka i bygningar og varer lenger, men ofte blir gamle bygningar rivne for å gjere plass til nye, og dermed er det stor forskjell på brutto og netto. For få år tilbake blei det rekna ut at CO2 bunden i tømmerstokken er ute i atmosfæren igjen 2,1 år etter hogst, i gjennomsnitt.

Det er følgjeleg ikkje ei auke på 30 000 m3 tømmer i CO2-lageret, men 30 000 – 13 325 m3. Det skulle bli 16 675 m3, og omrekna til CO2 bunden i stokken er det 30 000 tonn.

Så var det dette med CO2-lageret utanom stokken. Kor stort dette lageret er må ein seie truleg om, for her er det framleis mange faktorar som ikkje er klarlagt. Men det er ingen tvil om at det jordsmonnet som finst i utmarka, og som ikkje berre er stein og grus, inneheld eit CO2-lager. Dette er restar etter grøne planter, anten det er noko småtteri eller store tre, som har samla CO2 og bunde det i fast form. For det er jo ikkje berre gran som kan samle CO2.

Forskingsinstitusjonen Skog og Landskap som er fullt ut godkjent av skogbruket, er mellom dei som har rekna seg fram til ei fordeling mellom CO2 bunde i stokk og i anna. Då kjem det fram at skogen utanom tømmerstokken er den store samlaren av CO2. Resultatet er avhengig av kor mykje myr det finst i skogsområda. Men for kvart tonn CO2 som blir samla i stokken, kan ein seia at det ved norske tilhøve blir samla nesten 9 tonn i resten av skogen. Myr er ein suveren samlar av CO2.

Ein effektiv måte å gjere ende på CO2-lageret i ei myr på er å grøfte ho. Det har skogbruket drive mykje med i Tingvoll. Sjølv om det blir fleire tømmerstokkar som kan reknast som pluss ei lita stund, går arealet over frå å vere supersamlar til å vere utsleppar av CO2.

Eit anna spørsmål er om skogbotnen samlar like mykje CO2 som før når det blir planta gran. Kan det tenkjast at oppsamlinga i skogbotnen går ned? Det er i alle fall slik at det er grøne vekstar som samlar CO2, og i ein tett granskog er det lite med grøne vekstar.

Før ein tar CO2-oppsamlinga til inntekt for noko som helst, må ein vel også sjå etter kva skogen ville ha samla om han fekk ordne seg sjølv. Vi skal vere merksam på at skogen generelt var på det mest uthogde litt etter 1900. Etter den tid har skogen etablert seg på nytt. Om vi no har like mykje skog som før hollendertida, er det vel ingen som sikkert veit.

Skogsrekneskapen blir då:

Tilveksten med frådrag av hogstvolum og dessutan berre tilvekst utover det som ville ha vore naturleg, er det maksimale CO2-opptaket skogeigarane kan ta til inntekt for seg sjølv. Men dei må huske på å trekke frå tap av CO2 gjennom myrene dei har grøfta, og vidare må dei også ta med kva desse myrene ville ha samla viss dei var i orden. Vidare er daud skogsbotn under granskog ein minusfaktor. Dessutan lek det ut ein heil del når det blir ekstra opprota ved moderne hogst. Det er vanskeleg å setje inn tal i dette reknestykket. Men Naturvernforbundet trur reknestykket gir eit heilt anna svar enn ei meirbinding på 54 000 tonn pr år.

Så var det litt andre ting som var omtala.

Gamalskog i Tingvoll finst, og Naturvernforbundet er glade for at ein del av denne blei verna nyleg. Det er gjerne ikkje så mange i Tingvoll som har gått i skogen i skrentane mellom Rottås og Gjørsvika, men verdifull er denne furuskogen sjølv om han kanskje ikkje akkurat er rekna for å vere økonomisk produktiv. Men gamalskog på litt betre bonitetar er det verna lite av, langt mindre enn det skogforskarane er komne til er nødvendig for å ta vare på det biologiske mangfaldet. For mindre enn eit år sidan fanst det eit interessant gamalskogsareal, avmerka på kart som naturtype og nøkkelbiotop. Det viste seg at avmerka areal var mindre enn skogteigen som hadde gamalskog. Mykje blei hogd, også ein del av det som var avmerka som skog med spesielle verdiar. Naturvernforbundet har spurd kommunen som kontrollmynde om dette vi meiner er brot på skogbruket sine sertifiseringsreglar og miljøforskrifta til skoglova. Etter vel 3 månader ser det visst ikkje ut til at kommunen vil bry seg med å svare.

Då kan det jo vere tid for Naturvernforbundet sine spørsmål til skogeigarane:

– Samlar skogsbotn CO2, eller er det berre tømmerstokken som gjer det?

– Kva er best: å samle opp ein del CO2 og halde på han i hundreårsvis, eller samle opp litt meir og så sleppe han ut igjen fort?

– Når ein hogger gamal skog og så planter, kor lang tid går det før ein får ei oppsamling av CO2 som er større enn viss gamalskogen sto framleis?

– Når er det mest nødvendig å binde CO2, no eller om 40 år?

– Sjølv om ein driv noko skog som plantasjeskog, treng ein drive absolutt alt som plantasjeskog for at det skal vere eit tidsriktig skogbruk?

– Er det greitt at nokre utanom skogeigarmiljøet stiller spørsmål om skogsdrifter ligg innafor skogbruket sine sertifiseringsreglar og miljøforskrifta til skoglova?

– Vil skogeigarane i Tingvoll bidra til at ein innan 2020 har verna ca. 10 % av den biologisk mest verdifulle produktive skogen, slik ein nasjonalt fann nødvendig for meir enn. 10 år sidan?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

Innlegget frå Tingvoll skogeigarlag:

Hakk i plata, Folden!

fredag 31. august 2012 04:00

Tingvoll Skogeigarlag reagerer på at flere, blant annet Naturvernforbundet, sprer mest mulig negativitet om skogbruket.

Tingvoll Skogeigarlag er ei sammenslutning av skogeiere tilsluttet ALLSKOG, skogeierandelslaget som organiserer skogeiere fra Møre til Troms. Tingvoll har ett totalareal på 313.400 daa, av dette utgjør 110.000 daa (35% a totalt) aktuelt til skogbruk, og kanskje bare halvparten av det igjen til bruk for aktive eiere. På dette skogarealet er det nå en årlig tilvekst på ca 30.000 m3. Vi i skogeigarlaget jobber for å tilrettelegge for arbeidsplasser og økt verdigskaping av den skogen som vi er satt til å forvalte. I året 2010 er det i Tingvoll hogd 13325 m3, noe som tilsvarer over 400 tømmerbillaster. Dette til en brutto verdi på 4,7 mill kr i brutto, og med ringvirkninger kan beløpet ganges med 12. Selv om vi hogger såpass av skogen, vokser den altså med ca 30.000m3 årlig, og binder med det ca 54.000 tonn CO2. Det må vi si er ei formidabel lokal verdigskaping som vi i skogbruket har grunn til å være STOLTE av.

Så har regjeringen lagt fram flere meldinger hvor skogbruket blir sett på som ei viktig næring framover, både når det gjelder klima, energi, og nye produkter laget av tømmerstokken. Da er det viktig at det blir fokusert på det positive, og mulighetene tømmer som en fornybar ressurs gir oss. Vi tror ikke negativitet og ensidig fokus på begrensinger gir bedre løsninger for miljøet.

Vi har registrert at flere, da spesielt Folden i naturvernforbundet, prøver å spre mest mulig negativitet om dagens skogbruk. Det går mest ut på binding av CO2. Men Folden har tydeligvis fått hakk i plata si, og det går på om bindingen av CO2 er over eller under jorda. Den debatten syns jeg våre næringspolitiske talsmenn i ALLSKOG svarer så godt på at det skal vi ikke gå inn på, men vi vil stille noen spørsmål til sjøloppnevnt fundamentalist (på naturens vegne) Øystein Folden.
Stort sett drømmer han om å leve i ei helt anna tid, men vi andre lever faktisk i 2012. Og ut fra det savner vi realistiske løsninger. Vi kan ikke se han har noen løsninger.
Hva skal vi leve av her i landet etter hvert, hva er alternativene til bruk av skogsråstoff der det kan nyttes? Skal alt da baseres på bruk av olje, betong, stål og aluminium? Olja både vi å naturvernforbundet kjører rundt på, tar faktisk slutt en dag.

Som Folden selv sier, er ikke skogen eldre enn 100 år her, altså har vi ikke ur-skog. Hva er da galt med å fortsette med å produsere noe fornuftig på det arealet, i stedet for å la det gro igjen med kjerr som det ikke går an å utnytte til noe. For å få tilbake Foldens drømmeskog som står der med blanding av stort og smått, bartre og løvtre, trengs flere bønder og husdyr, som steller på den måten som ble gjort for 100 år siden. Men den tiden er også forbi.

Vi ser det slik at det må være positivt at skogbruket sysselsetter 25000 på lansbasis, i Allskog-land er skogbruk 3 ganger større enn havbruk, og vi kan bidra til at vi slipper å importere alt det trevirke vi behøver. Moderne skogbruk må selvfølgelig bidra så godt som råd å ta vare på di forskjellige naturverdier som finnes. Vi kan nevne at det i Tingvoll siste året er inngått avtaler om FRIVILLIG VERN på betydelige arealer, og at all aktivitet er godt oppfulgt innenfor di standarder som gjelder.

Folden skriver stort sett «truleg», om påstander han kommer med, men vi kan med stolthet si at vi som skogeiere, HELT SIKKERT har den størte innteresse av å forvalte skogen vår slik forrige generasjon gjorde, og neste generasjon vil gjøre, til beste for både MILJØ og ARBIDSPLASSER.

Mvh Tingvoll Skogeigarlag