Fråsegn til vinterskogsveg og skiløype ved Reitvatnet

Naturvernforbundet i Tingvoll har gitt fråsegn til Tingvoll kommune om tilhøvet til friluftsliv og biologiske verdiar for planane om bygging av ein veg ved Reitvatnet.

Naturvernforbundet i Tingvoll ønskjer å uttale seg som følgje av at saka vedkjem både friluftsliv og biologiske verdiar som høyrer under hovudføremåla til Naturvernforbundet.

Saka dreier seg om fleire ting, og eit løyve etter plan- og bygningslova fører til verknader for fleire tema og område.

1. Bygging av ein veg av nærare bestemt standard

2. Spørsmål om vegen skal vere open for motorferdsel, og i fall kva føremål

3. Spørsmål om det skal finnast område i kommunen som ikkje skal tilretteleggast for organisert friluftsliv, og i tilfelle kvar

4. Spørsmål om det skal vere noko areal i kommunen som skal vere skjerma for sivilisasjonsstøy.

Det er i det minste bra at søknaden blir handsama etter plan- og bygningslova og med ei viss form for høyring. Dette som motstykke til saker som blir handsama etter landbruksvegføreskrifta og som ein først høyrer om ei stund etter at saka er avgjort, i beste fall.

Tingvoll kommune har avgrensa areal av typen utmark som høver godt for enkelt friluftsliv. Difor er det viktig at dei areala vi har blir forvalta på ein langsiktig og gjennomtenkt måte. Vi tenkjer då spesielt på behov for naturareal som er lettilgjengeleg, men samstundes skjerma frå motorferdsel og støy.

Tilrettelegging i form av oppkøyrte skiløyper er eit gode, men ikkje viss moglegheitene for enkelt friluftsliv i område utan støy og motorferdsel blir umogleg. Skal vi ha båe delar må det både kartleggast og planleggast med det for auge.

Området Reitvatnet – Norskå – Strupstadnebba – Bjørnahaugen – Svinesnebba – Reitvatnet er eit av få lettilgjengelege område der ein slepp unna trafikkstøy, og kan oppleve å høyre toppmeis og fuglekonge som syng. Det er få hytter i området og den motorferdsla som finst er vel stort sett knytt til løypekøyring.

Naturvernforbundet har ei forståing for at det blir køyrt opp løype mellom Museet og Skihytta, men ein del av dette området, mot nordaust, må kunne vere fritt også for løypekøyring.

Vi viser her til ”Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442)” der ein mellom anna finn denne utsegna:

3.5 Stille områder

Kommunen bør unngå å lokalisere nye støykilder slik at verdifulle stille områder forsvinnereller reduseres i omfang. Fravær av støy er en forutsetning for at frilufts- og rekreasjonsområder og kulturmiljøer skal ha full verdi. Hvilke lydnivåer som oppleves som sjenerende, avhenger av hvilken type område man befinner seg i, og hvilken bruk av området som er ønskelig.

Kommunen har det siste året gjennom eit slags vedtak gjeldande veg til Gylvatnet tatt for seg av andre slike stille område i kommunen, så det er dessto viktigare at dei områda som er igjen blir tatt vare på som stille område.

Det er elles ulagleg at kommunen ikkje har tatt opp temaet om stille område på ein skikkeleg måte i plan for idrett og friluftsliv. Hadde ein fått ei avklaring gjennom den plana for kva areal som ikkje skal tilretteleggast og kva som kan tilretteleggast, så hadde ein oversyn. No er det ingen som veit kva vi har av slike areal i kommunen, og kvar gong det er tiltak som kan ta føre seg av slike kvalitetar må slike som Naturvernforbundet meir og mindre slåss med nebb og klør i håp om nokre gongar å lukkast. Og ingen veit med bit for bit-handsaming om det er meir igjen når ein har gjort omdisponeringar.

Elles kan omgrepet vinterskogsveg truleg vere så mangt. Ei tyding av dette kan vere at det blir lagt ut ris på blautmyr slik at ein kan trakke snøen oppå og med det få til eit isunderlag som det går an å køyre på. Eit anna alternativ er kan hende den vegen som er bygd mellom Museet og Reitvatnet sist vinter eit døme på. Dvs. ein veg som i alle fall tilsynelatande liknar på ein køyreveg som kan nyttast året rundt for bil.

For Naturvernforbundet er det stor skilnad på vegar innafor dette spennet. Den enkle forma med punktutbetringar her og der vil vi sjå på som lite problematisk, medan sistnemnte vegtype er noko heilt anna. Då får ein opp problemstillingar knytt til motorferdsel utover løypekøyring i full breidde, med og utan bom og løyve for nokre føremål.

For å oppsummere har ikkje Naturvernforbundet mot at det blir gjort punktutbetringar på strekninga Museet til Skihytta på nordsida av Reitvatnet. Viss det skal gjerast noko meir enn det ønskjer vi at dette skjer i form av avklaringar i plan for idrett og friluftsliv, slik at ein kan få avklaringar kring område med og utan støypåverknad og tilrettelegging.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune