Naturvernforbundet med stordriftsspørsmål til Todalen Bondelag

Det er utfordringar knytt til utviklinga i landbruket. Desse utfordringane vil også ha noko å seie både for naturmiljøet, og som ei sak i Todalen viser, også for bumiljøet i distrikta.

Landbruket er ein stor påverknadsfaktor når det gjeld naturmiljøet, både positivt og negativt. Gjennom fleire år har Naturvernforbundet i Møre og Romsdal følgd ein del av utviklinga innan landbruket gjennom prosjekt saman med landbruksforvaltninga og landbruksorganisasjonane. Det har vore interessant.

Vi har gjennom dette arbeidet sett at det er ein del nye utfordringar i landbruket som følgje av endra rammevilkår. Det ligg utfordringar i form av påverking av ytre miljø, men også som følgje av at endringar truleg kan påverke busetnad. På noko lengre sikt er det eit spørsmål om arealbruken i landbruket og om det vil vere mogleg å dyrke mat med t.d. eit energirekneskap som er bærekraftig.

Det var vel gjerne som følgje av dette engasjementet vårt vi blei kontakta om saka som ligg i botn av det temaet vi no ønskjer å ta opp. Det norske landbruket har ein del kvalitetar som Naturvernforbundet meiner er viktige å ta vare på. Eit småskalalandbruk vil samanlikna med eit industrilandbruk ha eit utgangspunkt for å kunne drivast betre med omsyn til dyrevelferd. Det vil også ofte vere slik at bonden har betre kjennskap til jorda si og difor også kan avpasse bruken av areala betre. Kan hende er det også slik at småskalabonden har større kjennskap til biologien i utkanten av jordet. Det er sannsynlegvis også lettare å vere nabo med eit gardsbruk i familiebrukstorleik.

Lenge har landbruksorganisasjonane peika på at landbruket «held liv i bygdene». Om det ikkje er heile sanninga, så er det heilt klart eit viktig moment. Så har då også folk med tilknytting til bygda blitt verande der sjølv om dei har eit anna yrke enn landbruk. Naboskapet har vore nært og ein har hatt stor forståing for kvarandre. Dette har gitt ein kvalitet for dei som veks opp som byfolk går glipp av. Det er viktig for den oppveksande slekta å sjå at mjølk ikkje er noko som blir laga i butikken, men kjem frå kua hos naboen. Det er viktig at i alle fall ein del av oss har ein annan bakgrunn enn bygatar og kafear. Det er viktig for dei som ønskjer å leve nærare naturen at dei har eit samfunn dei kan høyre til i.

Men omlegginga i landbruket held nok på å slå bein under dette. Nyare landbrukspolitikk ser ut til å føre med seg vesentleg større einingar. Investeringsbehov fører til samdrifter og oppkjøp. Vi nærmer oss industrilandbruk med raske steg. Det skaper ein del utfordringar:
– Færre gardsbruk er i drift. På dei andre gardsbruka blir husa i praksis etter kvart frådelt, og dei blir anten bruka som bustadhus eller feriebustader. Samla busetnad går ned, og andelen bønder i bygda går vel også ned.
– Bruka blir større og blir driven meir rasjonelt. Men det fører også til større arbeidspress i dei hektiske periodane sidan det ofte er færre som deltek. Det som ikkje kan gjerast med store maskinar blir ikkje gjort. Åkerkantane kryp innover, hundekjeksen får gode vilkår og husdyrgjødselsesongen blir stadig lengre, for å nemne noko.
– Verksemda på garden kan gå føre seg over fleire av veka sine timar enn før. Større maskinar førernok også i ein del høve til høgare støynivå.
– Transport av avling og husdyrgjødsel skjer over stadig større avstandar.
– Industrijordbruket som tidlegare var noko som fanst i Danmark er no ein del av vår kvardag i større grad enn vi trur. Det er ikkje utan ulemper.
– Avstanden mellom bonden og dei andre aukar. Forståinga for kvarandre minkar og toleransen for ulemper kan også minke. Dette vil gjere det vanskelegare å vere busatt på landsbygda og det vil gjere det vanskelegare å vere bonde.

Utfordringa er så: Kan ein med eit industrijordbruk halde liv i bygdene som før? Og korleis skal ein i tilfelle gjere det?

Naturvernforbundet har gjennom det siste året fått ein del innsikt i ei landbruksverksemd i Todalen som klart har mange fellestrekk med industrijordbruk. Korleis påverkar det nabolaget? Kva slags krav blir sett til landbruket idet verksemda går over frå eit familiebruk til ei industriverksemd? Naturvernforbundet er overtydde om at dette har næringa og lokalsamfunnet ikkje budd seg skikkeleg på, og no kjem det ein del ulempar ein er nøydde til å gjere noko med. Gjer ein ingenting vil situasjonen gjere noko med samfunnet, og utviklinga vil truleg vere uheldig både for landbruket og for dei andre i bygda. Alle vil tape på det, og både undervegs og til sist blir det vel naturen som må betale.

Naturvernforbundet har vore i dialog både med ein eigar av eit større gardsbruk og ein del av naboane og folk elles i bygda. Dialogen med eigar av gardsbruket var med sikte på å få kjennskap til husdyrgjødselhandsaming og andre spørsmål knytt til stordrift, men svara vi fekk gjer oss overtydd om at det er lite å hente ved ytterlegare dialog. Vi har også gjort oss litt kjent med området elles. Vi har fått innsikt i ein del av problemstillingane. Vi har også prøvd å sjå etter løysingar, men vi finn dei ikkje. Difor vil vi no utfordre Bondelaget som representant for landbruksnæringa til å gå inn i saken. Vi trur det er viktig, for dei som er ramma av problema i dette høvet har det ugreitt og dei treng ikkje bli dei siste. Får ein ikkje til ein god sameksistens på bygda vil folk måtte flytte derifrå. Det vil ikkje vere særleg bra for bygda. Då vil det gamle slagordet måtte bytast ut med eit nytt: «Når alle dei andre flytter frå bygda er det ein bonde igjen til slutt». Då kan det vel hende bonden flytter også, og det er nok ikkje særleg bra for lokal matproduksjon og kortreist mat. Vi trur at Naturvernforbundet og Bondelaget har langt på veg samanfallande interesser av at våre bygder framleis vil vere levande.

Hovudutfordringa ser ut til å vere
a: Fjøsventilasjon og påverknaden av nabolaget

I tillegg kan det også ligge utfordringar i
b: Husdyrgjødselhandsaming og påverknaden av nabolaget

Spørsmålet er om ein kan løyse desse utfordringane med mindre omleggingar, eller om ein anten må flytte hus eller driftsbygningar for å løyse problemet.

I dalfører vil det nesten alltid vere slik at kjøleg luft frå høgare område vil søke nedover til lågareliggande område. Dermed oppstår det ein trekk som går nedover dalen langs vassdraget. I høgare luftlag kan ein få varmluft andre vegen. Truleg vil luftstraumen følgje elva ganske godt, men ta litt større svingar, men det er jo også avhengig av kor høge elvemælane er. I det aktuelle området vil utsleppet frå fjøsventilasjon ligge litt i ytterkanten av luftstraumen og denne luftstraumen gir påslag mot busetnaden litt lenger nord. Luftstraumen treff også annan busetnad etter kvart, men blir meir uttynna med avstanden.

I tillegg vil ein få ein annan effekt. Når ein har kjøleg luft underst og noko varmare luft oppå vil ein få ei viss lagdeling og lufta vil i liten grad blande seg. Dette kan ein t.d. sjå enkelte dagar ved at røyk frå vedomnar stig først rett opp og så vinklar han ganske tvert. Frå pipa stig han fordi han er varmare enn lufta rundt. Men etter kvart har han kjøla ned og får same temperatur som lufta rundt.

Er det då eit varmare og lettare luftlag lenger opp vil ikkje piperøyken kunne kome dit, men driv av under dette «lokket». Dette er kjent fysikk for ingeniørar som rekner på fabrikkpiper o.l. Desse to grunnleggande prinsippa knytt til luftstraumar forklarar kvifor nokre kan bli ille plaga og andre som bur ikkje så langt unna kan sleppe mykje greiare frå det. Etter å ha samtala med ein del personar har vi den oppfatninga at busetnaden i Husbygrenda i dette høvet ofte får ein dobbel fulltreffar.

Naturvernforbundet har tatt opp denne saka med miljøretta helsevern. Viss eit slikt utslepp hadde kome frå ei industriverksemd så ville fylkesmannen eller Klif pålegge ei verksemd å finne fram til tiltak for redusere problemet. For verksemder i landbruket kan det sjå ut til at det er miljøretta helsevern som sit med verkemidla. Men miljøretta helsevern i Surnadal har til no ikkje vist interesse for å sjå noko særleg på denne saka.

Vi seier ikkje noko no om husdyrgjødselhandsaminga, då vi trur dette er ein mindre del av problemet, men vi trur også denne delen bør få merksemd. Det er landbruket som «eig» desse problema, og vi trur at landbruket ikkje kan la slike problemstillingar berre gå sin gang. Slikt vil gi næringa eit dårleg rykte og det kan fort gå ut over busetnaden som også landbruket treng.

Difor utfordrar vi Bondelaget til å ta tak i desse spørsmåla. For nokre hastar det etter kvart å finne gode løysingar.