105 millionar – og alt går i boks?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det finst fleire måtar å utvikle areal til industriområde på. Ein av dei aktuelle metodane er å søke om ein liten del av eit prosjekt, og så legge inn såpass med investeringar at resten av løyva må følgje etter. Det som skjer på Husøya no kan minne mykje om dette. For få dagar sidan kunne Franzefoss fortelje at dei står klare til å bygge for 105 millionar, for å handsame boreavfall frå Nordsjøen. Dei er truleg ikkje berre klare, men veldig klare til å få sette i gang.

Korleis dei skal få boreavfallet til Husøya er også eit spørsmål. Det vil sikkert bli veldig mykje enklare viss dei får ei djupvasskai i området. Om dei får det, er ikkje endeleg avgjort. Farvatnet såpass langt inne i hamnebassenget er vel ikkje akkurat romsleg. Dessutan ligg Fugløya der og set svært liten pris på større trafikk nær innpå, med auka risiko for uhell.

Med eit avfallshandsamingsanlegg vil det vere nokre sluttprodukt. Det store volumet skal i deponi. Daumannsdalen som løysing på den sida er ikkje akkurat avklara. Vatn som blir sleppt ut er vel ikkje akkurat heilt reint det heller, sjølv om det er reinsa. Det er rett nok ikkje så mykje det er tale om pr. liter, men når det blir mange kubikkmeter med vatn i sirkulasjon, så blir det litt av det også.  Og utsleppet vil skje til eit område som har nok av utslepp frå før til at vasskvaliteten rett og slett er litt for dårleg. Lufta skal vel også få sitt. Sjølv om utsleppa kanskje ikkje blir så store, så er dei ikkje uskuldige. Sjølv om dette er oljerelatert industri, er det ikkje så sikkert at kristiansunderane vil like dette prosjektet om dei veit kva det er for noko.

Blir det ikkje noko av kaiplanane og heller ikkje av deponiet, så vil vel lokaliseringa til Husøya føre til den totale fiasko. Naturvernforbundet tykkjer i grunnen det er merkeleg at ei verksemd kan investere såpass utan å vite korleis det går med desse andre elementa av løysinga. Kan det skuldast at det alt er bestemt at det skal bli djupvasskai ved Husøya og deponi i Daumannsdalen? Bestemt lenge før utgreiingar og demokratiske prosessar er ferdige?

Øystein Folden                                                                    Johan Fredrik Schmedling

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal              Leiar, Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy